J-233-2002

Publisert: av Norges Sildesalgslag (Sist endret: )
MELDING FRA FISKERIDIREKTØREN

J-233-2002

(J-219-2001 UTGÅR)

 









                                                                  Bergen, 12.11.2002

                                                                  HJE/EW





SØKNAD OM LISENS FOR NORSKE FISKE- OG FANGSTFARTØY I RUSSISK SONE I 2003.



Drøftingane med Russland er no avslutta, og ordninga med omsyn til lisens vert den same som vi har hatt tidlegare år. Alle fiske- og fangstfarty som skal driva i russisk sone må ha lisens frå russiske styresmakter.



Farty som vil delta i fiske og/eller fangst i russisk sone i 2003 må fylla ut og senda inn vedlagte (./.) søknadsskjema til Fiskeridirektøren snarast og seinast innen 10. desember 2002.



Fiskeridirektøren vil understreka at fiske i sona utan lisens vert sett på som eit svært grovt brot på russiske fiskeriføresegner.



For å unngå seinare endringar i lisensen for 2003 må De i søknaden oppgje rommelege tidsrom og alle reiskap- og fiskeslag som kan verta aktuelle for Dykkar vedkommande. Endringar i lisensen i løpet av 2003 vil normalt ta lang tid.



Søknadsskjema får De ved å venda Dykk til: Regionskontorene og fiskerikontorene i regionene, Norges Råfisklag, Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag, Vest-Norges Fiskesalslag, Norges Sildesalgslag, Norske Trålerrederiers Forening, Fiskebåtredernes Forbund og Fiskeridirektøren.



Bruk skrivemaskin eller blokkskrift ved utfyllinga.



                                                                 """""""""""""""""""""""""""







Vedlegget finnes på http://www.fiskeridir.no/sider/pdf/lisensskjema_233_02. pdf