J-33-2009 Havressursloven

Publisert: av Norges Sildesalgslag (Sist endret: )

 

MELDING FRA FISKERIDIREKTØREN

J-33-2009

(J-209-2008 UTGÅR)

 

 

 

Bergen, 11.02.2009

HØ/EW

 

 

 

 

Ikrafttredelse av lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova)

 

Fastsatt ved kgl.res. 12. desember 2008 med hjemmel i lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova) § 69. Fremmet av Fiskeri- og kystdepartementet.

 

 

Lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar trer i kraft fra 1. januar 2009. Lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske m.v. oppheves fra samme tid med unntak av § 4 siste ledd. Fra samme tid oppheves også lov 24. juni 1994 nr. 34 om registrering som kjøper i første hånd av råfisk m.v.

 

””””””””””””””””

 

 

            Havressursloven lyder:

 

 

Lov av 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova)

 

 

KAPITTEL 1. INNLEIANDE FØRESEGNER

 

 

§ 1. Formål

 

Formålet med lova er å sikre ei berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av dei viltlevande marine ressursane og det tilhøyrande genetiske materialet og å medverke til å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna.

 

 

 

 

§ 2. Retten til ressursane

 

Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg.

 

 

 

§ 3. Sakleg verkeområde

 

Lova gjeld all hausting og anna utnytting av viltlevande marine ressursar og tilhøyrande genetisk materiale. Viltlevande marine ressursar er fisk, sjøpattedyr med heilt eller delvis tilhald i sjøen, andre marine organismar og plantar med tilhald i sjøen eller på eller under havbotnen, og som ikkje er i privat eige. Lova gjeld likevel ikkje hausting og anna utnytting av anadrome laksefiskar slik det er definert i lov 15. mai 1992 nr. 47 om lakse- og innlandsfisk m.v. § 5 bokstav a.

 

For å sikre at hausting og anna utnytting skjer i samsvar med føresegner fastsette i eller i medhald av lova, gjeld lova også for andre tiltak i samband med hausting og anna utnytting av fangst, så som omlasting, levering, landing, mottak, transport, oppbevaring, produksjon og omsetning.

Føresegnene i kapittel 5 jf. kapittel 11 og 12, gjeld også for annan aktivitet enn den som er nemnd ovanfor, når slik aktivitet har innverknad på hausting og anna utnytting av viltlevande marine ressursar og tilhøyrande genetisk materiale.

 

 

 

§ 4. Stadleg verkeområde

 

Lova gjeld på norsk fartøy, på norsk landterritorium unnateke Jan Mayen og Svalbard, i norsk sjøterritorium og indre farvatn, på den norske kontinentalsokkelen og i område oppretta med heimel i lov 17. desember 1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone §§ 1 og 5.

 

Kongen kan fastsetje at heile eller delar av lova skal gjelde på norsk landterritorium på Jan Mayen, Svalbard, Bouvetøya, Peter Is øy og Dronning Maud Land.

 

Utanfor område som er nemnde i første og andre ledd, gjeld lova for norske rettssubjekt så langt dette ikkje strir mot jurisdiksjonen til ein annan stat, og for dei som er omfatta av § 5 andre ledd.

 

 

 

§ 5. Personelt verkeområde

 

Lova gjeld for alle innanfor det stadlege område til lova. I område som er oppretta med heimel i lov 17. desember 1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone §§ 1 og 5, gjeld forskrifter etter lova her likevel berre for utlendingar og utanlandske føretak når det er fastsett i forskriftene.

 

For utlendingar og utanlandske føretak gjeld lova i område utanfor nokon stats jurisdiksjon når dette følgjer av internasjonal avtale. I slike område gjeld lova også for statslause fartøy og for fartøy som kan sidestillast med slike.

 

 

 

§ 6. Tilhøvet til folkeretten

 

Lova gjeld med dei avgrensingane som følgjer av internasjonale avtalar og folkeretten elles.

 

 

 

§ 7. Forvaltningsprinsipp og grunnleggjande omsyn

 

Departementet skal vurdere kva slags forvaltningstiltak som er nødvendige for å sikre ei berekraftig forvaltning av dei viltlevande marine ressursane.

 

Ved forvaltninga av dei viltlevande marine ressursane og det tilhøyrande genetiske materialet skal det leggjast vekt på

 

a)

ei føre-var-tilnærming i tråd med internasjonale avtalar og retningslinjer

 

b)

ei økosystembasert tilnærming som tek omsyn til leveområde og biologisk mangfald

 

c)

ein effektiv kontroll med hausting og anna utnytting av ressursane

 

d)

ei formålstenleg fordeling av ressursane, som mellom anna kan medverke til å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna

 

e)

ei optimal utnytting av ressursane som er tilpassa marin verdiskaping, marknad og industri

 

f)

at haustingsmetodar og reiskapsbruk tek omsyn til behovet for å redusere moglege negative verknader på levande marine ressursar

 

g)

at forvaltningstiltak er med og sikrar det materielle grunnlaget for samisk kultur.

 

 

 

§ 8. Reguleringsråd

 

Departementet kan oppnemne eit reguleringsråd som kan gje fråsegner før fastsetjing av forskrifter i medhald av lova. Departementet kan fastsetje forskrifter om samansetjinga av reguleringsrådet og om oppgåvene til rådet. Organisasjonar for dei interessene som sakene vanlegvis vedkjem, skal vere representerte i rådet.

 

Når reguleringsrådet har gjeve fråsegn om reguleringsforskrifter etter §§ 11 til 13 og 16, er det ikkje nødvendig med høyring etter reglane i lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) § 37.

 

 

Kapittel 2. Marin bioprospektering

 

 

§ 9. Gjennomføring av marin bioprospektering

 

Kongen kan fastsetje at uttak og undersøking i sjø i samband med marin bioprospektering krev løyve frå departementet.

 

Føresegnene i lova gjeld for marin bioprospektering så langt dei høver.

 

Kongen kan fastsetje forskrifter om marin bioprospektering, mellom anna gjere unntak frå føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova, fastsetje kva slags opplysningar søknaden skal innehalde, og gje nærare reglar om kva slags vilkår som kan setjast.

 

 

 

§ 10. Fordelar frå utnytting av marint genetisk materiale

 

I løyve etter § 9 kan det fastsetjast at ein del av fordelane frå utnytting av norsk marint genetisk materiale skal tilfalle staten.

 

I løyve etter § 9 kan det fastsetjast at genetisk materiale og resultat frå prospekteringa ikkje kan omsetjast eller formidlast vidare utan samtykke frå og eventuelt vederlag til staten.

 

Når det er drive marin bioprospektering eller utnytting av genetisk materiale utan at det er gjeve løyve etter § 9, kan Kongen fastsetje at ein del av fordelane som nemnde i første ledd skal tilfalle staten.

 

 

Kapittel 3. Fangstmengd og kvotar

 

 

§ 11. Nasjonal kvote, gruppekvote og distriktskvote

 

Departementet kan fastsetje eit største tillate uttak (nasjonal kvote) for viltlevande marine ressursar målt i kvantum, individ, haustingsdøgn eller andre innsatsfaktorar. Nasjonal kvote skal fastsetjast for bestemte tidsrom. Når det er fastsett ein nasjonal kvote, kan det ikkje fastsetjast gruppekvotar, forskings- og undervisningskvotar og liknande som til saman utgjer meir enn den nasjonale kvoten.

 

Departementet kan fastsetje eit største tillate uttak for kvar fartøy- eller reiskapsgruppe eller anna definert gruppe (gruppekvote). Gruppekvote skal fastsetjast for bestemte tidsrom.

 

Departementet kan fastsetje at ein del av den nasjonale kvoten eller ein del av gruppekvoten for ei eller fleire fartøygrupper skal leverast til tilverking ved landanlegg i bestemte distrikt (distriktskvote). Departementet kan fastsetje forskrifter om fordeling av og vilkår for utnytting av distriktskvoten.

 

Departementet kan fastsetje at ein del av den nasjonale kvoten eller ein del av gruppekvoten for ei eller fleire fartøygrupper skal leverast til ein bestemt bruk eller i ein bestemt tilstand.

 

Når ei fartøygruppe samla får ei rimeleg fangstordning, kan departementet fastsetje fangstavgrensingar for desse eller at fartøya i gruppa ikkje skal få vere med i enkelte fiskeri.

 

 

 

§ 12. Kvotar for fartøy

 

Departementet kan i forskrift fastsetje kvotar for enkeltfartøy målt i kvantum, individ, haustingsdøgn eller andre innsatsfaktorar. Kvotane kan fastsetjast for visse tidsrom eller per tur og for ein bestand eller samla for fleire bestandar.

 

Når verksemda fell inn under lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven), kan kvoten berre haustast med fartøy som det er gjeve erversløyve for, og som kan nyttast i verksemda etter reglane i deltakerloven.

 

Når verksemda ikkje fell inn under deltakerloven, kan kvoten tildelast til person eller føretak. Det kan setjast vilkår om registrering i eige register for slik tildeling. Departementet kan gje nærare føresegner om registeret.

 

 

 

§ 13. Kvotar til forsking, overvaking, undervisning og praktiske reiskapsforsøk

 

Det kan tildelast kvotar til

 

a)

forskingsinstitusjonar

 

b)

den som får løyve til praktiske forsøk til utvikling av reiskapar, fangstmetodar og liknande etter § 66

 

c)

overvaking av fiskefelt

 

d)

offentleg godkjende undervisningsinstitusjonar.

 

Ved hausting av kvotar som er nemnde i første ledd, kan det nyttast eigne fartøy eller leigde fartøy som det er gjeve ervervsløyve for, når verksemda elles ville kome inn under deltakerloven.

 

Reiskapsavgrensingane for fartøy som ikkje er merkeregistrerte, jf. § 22, gjeld ikkje for hausting etter denne føresegna.

 

 

 

§ 14. Spesielle kvoteordningar

 

Som ledd i ei tilpassing av fiskeflåten til ressursgrunnlaget kan departementet i forskrift gje reglar om høgare kvote for enkeltfartøy når anna fartøy permanent eller mellombels vert teke ut av haustingsverksemda.

Departementet kan fastsetje fleire vilkår for tildeling av slik høgare kvote.

 

 

Kapittel 4. Gjennomføring av hausting og anna utnytting av viltlevande

marine ressursar

 

 

§ 15. Ilandføringsplikt

 

All fangst av fisk skal førast i land. Departementet kan i forskrift gjere unntak frå ilandføringsplikta og forby utkast av biologisk avfall.

 

Departementet kan i forskrift fastsetje plikt til ilandføring av bifangst av andre marine organismar, plantar, sjøpattedyr og sjøfuglar eller rapporteringsplikt for slik bifangst.

 

 

 

§ 16. Gjennomføring av hausting

 

All hausting og anna utnytting av viltlevande marine ressursar skal skje så skånsamt som mogleg.

 

Departementet kan fastsetje forskrifter om gjennomføring av hausting, mellom anna om

 

a)

tidsrom for hausting og tidspunkt for utsegling

 

b)

Kor mange fartøy frå ulike grupper som kan hauste samtidig i eit område

 

c)

forbod mot hausting i visse område, av visse artar eller med visse reiskapar

 

d)

utforming, merking, bruk og røkting av reiskapar og andre innretningar som vert nytta i samband med hausting

 

e)

største eller minste tillatne storleik på individ og at det berre eller for ein del skal haustast hann- eller hoindivid

 

f)

tillaten bifangst

 

g)

utforming og bruk av haustingsreiskapar for å redusere skadeverknader på andre artar enn målartane.

 

 

 

§ 17. Tap av reiskapar

 

Den som mistar eller må kutte reiskapar, har plikt til å sokne etter reiskapane. Departementet kan gjere unntak frå plikta til å sokne.

 

Departementet kan fastsetje forskrift om rapportering ved tap av reiskapar eller funn av tapte reiskapar, mellom anna om kva som er mista og kvar reiskapane er mista.

 

 

 

§ 18. Forbod mot bruk av sprengstoff o.a.

 

Det er forbode å bruke sprengstoff, skytevåpen og gift ved hausting.

 

Forbodet mot bruk av sprengstoff og skytevåpen gjeld ikkje ved hausting av sjøpattedyr eller større bruskfiskar. Departementet kan fastsetje nærare reglar for å sikre at avliving av sjøpattedyr og større bruskfiskar skjer i samsvar med forsvarlege avlivingsmetodar.

 

 

 

§ 19. Marine beskytta område

 

Kongen kan opprette marine beskytta område der hausting og anna utnytting av viltlevande marine ressursar er forbode. Det kan gjerast unntak for haustingsverksemd og anna utnytting som ikkje vil vere i strid med formålet med det beskytta området.

 

 

 

§ 20. Forbod mot hausting med trål og andre reiskapar i visse område

 

Det er forbode å hauste med trål innanfor territorialgrensa ved det norske fastlandet, med unntak av hausting med taretrål, reketrål og krepsetrål. Departementet kan i forskrift gjere unntak frå forbodet i første punktum i visse område, for visse tidsperiodar eller for hausting med bestemte trålreiskapar eller hausting av bestemte artar og fastsetje kva som er å rekne som trål etter denne paragrafen.

 

Departementet kan i forskrift fastsetje forbod mot hausting for andre fartøy- eller reiskapsgrupper innanfor grunnlinjene, innanfor linjer i ein viss avstand frå grunnlinjene eller innanfor fastsette posisjonar.

 

 

 

§ 21. Forbod mot hausting i område som er påverka av ureining

 

Departementet kan forby eller avgrense hausting i område og av artar som kan vere påverka av ureining.

 

 

 

§ 22. Sports- og rekreasjonsfiske

 

Når det vert hausta med fartøy som ikkje er merkeregistrerte eller fiska frå land, kan det ikkje nyttast andre reiskapar enn

 

a)

handsnøre, fiskestong og liknande handreiskapar

 

b)

éi maskindriven jukse eller dorg

 

c)

garn med samla lengd på inntil 210 meter

 

d)

liner med inntil 300 onglar

 

e)

inntil 20 teiner eller ruser.

Desse reiskapsavgrensingane gjeld også når same person eller dei same personane nyttar fleire fartøy.

 

Departementet kan i forskrift gjere unntak frå føresegnene i første ledd for bruk av landnot.

 

Departementet kan i forskrift fastsetje kvantumsavgrensingar, strengare reiskapsavgrensingar eller forbod mot hausting i nærare bestemte område når det er nødvendig av omsyn til ressursforvaltninga.

 

For den som ikkje er norsk statsborgar eller likestilt med norsk statsborgar i medhald av lov 17. juni 1966 nr. 19 om forbud mot at utlendinger driver fiske m.v. i Norges territorialfarvann (fiskeriforbudsloven) § 2, gjeld den strengare reiskapsavgrensinga i fiskeriforbudsloven § 3.

 

Departementet kan i forskrift påleggje eit utval av personar som driv sports- og rekreasjonsfiske, å gje opplysningar til styresmaktene om haustinga for statistikkformål. Tilsvarande pålegg kan også rettast mot den som eig eller driv anlegg eller verksemd som slik hausting vert driven frå.

 

Dei andre føresegnene i eller fastsette i medhald av lova gjeld så langt dei høver.

 

 

 

§ 23. Omsetningsgrense for sports- og rekreasjonsfiske

 

Ein person eller eit føretak kan per kalenderår ikkje omsetje fangst som er teken med fartøy som ikkje er merkeregistrert, eller frå land, for meir enn den summen som er fastsett i lov 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift (merverdiavgiftsloven) § 28 første ledd første punktum. Denne grensa gjeld sjølv om fleire personar eller føretak omset fangst som er hausta med det same fartøyet. Den som eig merkeregistrert fartøy, kan likevel ikkje omsetje slik fangst av fiskeslag som han er tildelt kvote for etter § 12.

 

Departementet kan i forskrift gjere unntak frå føresegnene i første ledd for omsetning av fangst som er teken med landnot.

For den som ikkje er norsk statsborgar eller likestilt med norsk statsborgar i medhald av fiskeriforbudsloven § 2, gjeld omsetningsforbodet for fangst i fiskeriforbudsloven § 3.

 

 

Kapittel 5. Orden på haustingsfelt, erstatning, lokale reguleringar og utval

 

 

§ 24. Reglar om aktsemd

 

Den som kjem til haustingsfelt der reiskapar er sette ut, skal gjere seg kjend med kvar reiskapane står. Alle skal fare fram slik at haustingsreiskapar ikkje vert skadde eller utsette for fare.

 

Det er forbode å hindre eller øydeleggje høvet til hausting med skyting, støy eller anna utilbørleg framferd.

 

Departementet kan gje nærare reglar om manøvrering av fartøy og framferd på haustingsfelt.

 

 

 

§ 25. Forkastregelen

 

Den som først tek til å setje ut reiskapane sine og held fram med det utan uvanleg opphald, har rett til å hauste i det området som reiskapane krev eller vil femne om.

 

Dei som tek til å setje ut reiskapane sine samtidig, har lik rett.

 

Dei som ikkje har reiskapar ute, skal på oppmoding flytte dersom dei ligg i vegen for den som har teke til å hauste eller går i gang med å setje ut reiskapane sine.

 

§ 26. Hausting med trål eller snurrevad

 

Det er forbode å hauste med trål eller snurrevad nærare enn éi nautisk mil frå utsette fiske- eller fangstreiskapar eller merke for slike reiskapar eller fartøy som driv garn- eller linefiske.

 

Departementet kan fastsetje at grensa i første ledd skal vere kortare eller ikkje skal gjelde for bestemte fiskeri med trål eller snurrevad.

 

Føresegna i første ledd gjeld ikkje der det er oppretta utvalsområde og gjennomført havdeling i medhald av § 32.

 

 

 

§ 27. Lås- og stengsetjing

 

Alle som haustar med not, har rett til å fortøye slepekast i land når det skjer i rimeleg avstand frå hus der det bur folk, eller hytte som er i bruk, og utan utilbørleg fortrengsle eller ulempe for andre.

 

Det er forbode å hauste nærare enn 100 meter og å ferdast nærare enn 20 meter frå slepekast eller steng som er fortøydde i land eller oppankra på annan måte.

 

Departementet kan fastsetje forskrifter om sleping og stengsetjing av fangst i sjøen, mellom anna om oppbevaring av fangst og opning av steng, for å hindre at fangsten får skade, vert kvalitetsforringa eller at fangsten ureinar eller vert ureina av omgjevnadene.

 

 

 

§ 28. Forbod mot å etterlate gjenstandar i sjøen

 

Det er forbode å kaste, eller unødvendig etterlate reiskapar, fortøyingar og andre gjenstandar i sjøen eller på botnen som kan skade marint liv, hemme gjennomføring av hausting, skade haustingsreiskapar eller setje fartøy i fare.

 

Den som fer fram i strid med forbodet i første ledd, pliktar å rydde etter seg eller fjerne gjenstandane. Fiskeridirektoratet kan gje pålegg om rydding eller fjerning.

 

Vert pålegg etter andre ledd ikkje følgt, kan Fiskeridirektoratet setje i verk nødvendige tiltak for den ansvarlege si rekning og risiko. Utgifter ved slike tiltak er tvangsgrunnlag for utlegg.

 

 

 


§ 29. Berging av reiskapar og fangst

 

Den som bergar bortdrivne, tapte eller etterlatne reiskapar, lettbåt og anna utstyr, skal så snart som mogleg melde frå om dette til eigaren. Departementet kan fastsetje forskrift om rapportering ved berging av bortdriven, tapt eller etterlaten reiskap, mellom anna om kva som er berga og kvar det er funne.

 

Den som bergar reiskapar, har rett til bergeløn. Bergeløna skal fastsetjast i samsvar med sedvane eller til det som er rimeleg. Bergeløna kan ikkje setjast høgare enn verdien av det som er berga.

 

Berga fangst tilkjem bergaren. Er verdien av fangsten monaleg større enn bergeløna, kan bergeløna heilt eller delvis falle bort.

 

Det som er berga, kan ikkje krevjast utlevert før bergeløn og kostnader er dekte. Når bergeløn og kostnader er dekte, pliktar bergaren å utlevere det som er berga. Eigaren har plikt til å godta tilbakelevering når det er rimeleg at bergaren krev dette etter at det som er berga er sikra.

 

Departementet kan fastsetje forskrifter om berging av reiskapar.

 

 

 

§ 30. Erstatningsansvar

 

Den som skader reiskapar som er sette ut i sjøen for fangst, pliktar utan omsyn til skuld å erstatte skaden, mellom anna tap av fangst og tap som følgje av avbrot i haustinga.

 

Erstatninga etter første ledd kan reduserast eller falle bort dersom skadevaldaren godtgjer å vere utan skuld i skaden.

 

Er drivande eller fastståande reiskapar skadde, har trål- og snurrevadfiskarar som samtidig har fiska på feltet, plikt til å leggje fram bevis for at dei ikkje er årsak til skaden.

 

 

 

§ 31. Panterett til sikring av erstatningskrav

 

Den som har krav på skadeerstatning etter lova eller som følgje av samanstøyt mellom haustingsfartøy, hjelpefartøy eller fartøy som fører fangst, har panterett i fartøya, reiskapane og fangsten til skadevaldaren. Reglane om sjøpant i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven) kapittel 3 gjeld tilsvarande. Krava har same prioritet som dei krava som er nemnde i sjøloven § 51 første ledd nr. 4.

 

Panterett i fangst fell bort når fangsten er omsett. Den som utan samtykke frå kravshavaren selde fangsten, vert personleg ansvarleg for kravet. Dette ansvaret gjeld likevel ikkje for den summen som han godtgjer at pantet ikkje kunne ha dekt.

§ 32. Lokale reguleringar og utval

 

Departementet kan opprette utvalsområde der Fiskeridirektoratet eller utval som er oppnemnde av Fiskeridirektoratet, kan fastsetje lokale forskrifter om

 

a)

havdeling og trygg avstand mellom ulike reiskapsgrupper

 

b)

utplassering og merking av reiskapar

 

c)

tidspunkt for utsegling og liknande

 

d)

melde- og oppgåveplikt til Fiskeridirektoratet for å delta i hausting i slike område.

Fiskeridirektoratet kan fastsetje lokale forskrifter også utanfor slike område.

 

Lokale organisasjonar har forslagsrett ved fastsetjing av lokale forskrifter og ved oppnemning av utval.

 

 

 

§ 33. Tilsynspersonar

 

I utvalsområde kan Fiskeridirektoratet nemne ut tilsynspersonar som ved rettleiing og åtvaring skal arbeide for å hindre brot på føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova, og vere med å halde oppe ro og orden på haustingsfelt.

 

 

Kapittel 6. Tilrettelegging for kontroll

 

 

§ 34. Plikt til å leggje til rette for kontroll om bord i fartøy

 

For å leggje til rette for kontroll med føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova eller anna havressurslovgjeving, kan departementet i forskrift forby eller gje pålegg om

 

a)

å ha om bord eller bruke reiskapar

 

b)

korleis reiskapar som ikkje er i bruk, skal oppbevarast

 

c)

å ha om bord eller bruke utstyr som kan nyttast til sortering, oppmaling, dumping, utkast o.a. av fangst

 

d)

å ha om bord og bruke utstyr som overvaker og rapporterer aktiviteten til fartøyet, som til dømes satellittsporingsutstyr og ferdskrivar

 

e)

å ha om bord godkjende teikningar av oppbevaringsstader og av fartøyet elles

 

f)

korleis fangst skal merkjast og stuast, og å ha om bord oversikt over korleis fangsten er stua

 

g)

å ha om bord og bruke utstyr og dokumentasjon som sikrar kontroll med det kvantum som vert hausta.

 

 

 

§ 35. Plikt til å innhente informasjon

 

Departementet kan fastsetje forskrifter om plikt til å lytte på bestemte radiofrekvensar til bestemte tider og om plikt til å skaffe og bruke anna kommunikasjonsutstyr for å ta imot meldingar frå styresmaktene.

 

§ 36. Opplysningspliktene til haustaren (fangstdagbok o.a.)

 

Departementet kan i forskrift påleggje eigaren eller brukaren av fartøy å føre fangstdagbok og gje nærare reglar om korleis ho skal førast, kva slags opplysningar ho skal innehalde, og om oppbevaring og innsending av fangstdagboka.

 

Departementet kan i forskrift påleggje eigaren eller brukaren av fartøy å gje andre opplysningar om hausting og produksjon av fangst.

 

 

 

§ 37. Omlasting, skifte av haustingsområde og avslutning av hausting

 

Departementet kan av kontrollomsyn forby eller fastsetje nærare reglar om omlasting, mellom anna at den som lastar om, skal melde frå om dette innan fastsette fristar, og at omlasting berre kan skje på eller innanfor bestemte posisjonar eller i ei bestemt hamn.

 

Departementet kan i forskrift gje pålegg om at den som tek til å hauste, skifter haustingsområde eller avsluttar haustinga, skal melde frå om dette innan fastsette fristar og framstille seg for kontroll på eller innanfor bestemte posisjonar eller i ei bestemt hamn.

 

 

 

§ 38. Registrering som mottakar og kjøpar av fangst i første hand

 

Departementet kan i forskrift gje reglar om at den som tek imot fangst som vert lossa eller omlasta frå fartøy, skal vere registrert som mottakar hos Fiskeridirektoratet, og om at den som kjøper fangst i første hand, skal vere registrert som kjøpar hos Fiskeridirektoratet. Det kan fastsetjast vilkår for slik registrering.

 

 

 

§ 39. Landings- og sluttsetel og førehandsvarsel om landing

 

Eigaren eller brukaren av haustings- eller transportfartøy og den som tek imot fangst, skal skrive ut ein landingssetel med opplysningar om fangsten. Dette gjeld uansett om fangsten vert overført til anlegg på land, anna fartøy eller til oppbevaring i sjø.

 

Eigaren eller brukaren av haustings- eller transportfartøy og den som kjøper fangst i første hand, skal skrive ut ein sluttsetel med opplysningar om fangsten.

 

Departementet kan i forskrift gje nærare reglar om omfanget av pliktene i første og andre ledd, mellom anna korleis setelen skal førast, kva slags opplysningar setelen skal innehalde, og om oppbevaring og innsending av setelen.

 

Departementet kan i forskrift fastsetje at dei som er nemnde i første og andre ledd, skal sende førehandsvarsel til styresmaktene om kvar, korleis og når landing eller mottak av fangst skal skje, kva slags opplysningar om fangsten førehandsvarselet skal innehalde, og at førehandsvarsel skal sendast ei viss tid før fangsten kan landast.

 

 

 

§ 40. Plikt til å sikre opplysningar om fangst

 

Departementet kan i forskrift gje reglar om at dei som haustar, tek imot, transporterer, oppbevarer, produserer eller omset viltlevande marine ressursar, skal ha og bruke dokumentasjon og utstyr som sikrar kontroll med kvantumet som vert motteke, transportert, oppbevart, produsert, teke ut frå oppbevarings- eller produksjonsstad eller omsett. Departementet kan også gje reglar om korleis viltlevande marine ressursar skal oppbevarast.

 

 

 

§ 41. Sporing

 

Departementet kan i forskrift gje reglar om at dei som haustar, tek imot, transporterer, oppbevarer, produserer eller omset viltlevande marine ressursar, skal kunne dokumentere dei opplysningane som trengst for at det heile tida skal vere mogleg å spore fisk o.a. tilbake til ein fangst som er registrert på landings- eller slutsettel.

 

 

 

§ 42. Omrekningsfaktorar

 

Departementet kan i forskrift fastsetje omrekningsfaktorar frå tilverka eller landa fangst til rund vekt og mellom ulike grader av tilverking.

 

Eigaren og brukaren av haustingsfartøy og produksjonsanlegg har plikt til å samarbeide når Fiskeridirektoratet hentar inn måleprøver til omrekningsfaktorar.

 

 

 

§ 43. Bruk av elektronisk utstyr og programvare

 

Departementet kan i forskrift fastsetje at registrering og overføring av opplysningar som er nemnde i dette kapittelet, skal skje ved bruk av bestemt elektronisk utstyr og programvare.

 

 

Kapittel 7. Kontroll og handheving

 

 

§ 44. Kontrollansvaret til Fiskeridirektoratet

 

Fiskeridirektoratet skal føre kontroll med at dei som lova gjeld for, held seg til føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova og anna lovgjeving om deltaking i, leiting etter og uttak, omsetning, produksjon, innførsle og utførsle av viltlevande marine ressursar.

 

 

 

§ 45. Samarbeid ved kontroll

 

Dei som vert kontrollerte i samsvar med føresegner som er gjevne i eller i medhald av lova eller anna lovgjeving som er nemnd i § 44, skal samarbeide med kontrollstyresmaktene ved gjennomføring av kontroll, mellom anna ved å svare på oppkalling over radio eller anna kommunikasjonsutstyr.

 

 

 

§ 46. Gjennomføring av kontroll

 

Fiskeridirektoratet skal ha uhindra og direkte tilgang til fartøy i gjennomføring av kontroll etter § 44. Same tilgangen skal Fiskeridirektoratet ha til reiarlagskontor og fiskemottak og hos alle andre som i ervervssamanheng rår over, transporterer, oppbevarer, produserer eller på andre måtar handterer viltlevande marine ressursar, og til stader der relevante dokument og opplysningar er å finne. Det same gjeld også hos dei som i forskrift er pålagde å gje opplysningar i medhald av § 22 femte ledd.

 

Fiskeridirektoratet skal ha uhindra og direkte tilgang til rekneskapar, relevante dokument, gjenstandar og opplysningar hos alle som er nemnde i første ledd.

 

Ansvarshavande eller representant for ansvarshavande skal gje tilgang til og leggje fram relevante gjenstandar, relevante og korrekte opplysningar og dokument og stadfeste kopiar av desse. Vidare skal han tillate merknader i fangstdagbok, mottaksjournal og liknande og skrive under kontrollrapporten som vert sett opp. Ansvarshavande eller representant for ansvarshavande kan føre merknader på rapporten.

 

Fiskeridirektoratet kan gje pålegg om å stanse fartøy, trekkje reiskapar eller sjølv trekkje reiskapar og forankring til slike og stanse andre pågåande aktivitetar om bord i fartøy eller på land. Fiskeridirektoratet kan vidare gje pålegg om å stanse transportmiddel. Fiskeridirektoratet kan plombere reiskapar og oppbevaringsstader for viltlevande marine ressursar, dokument, relevante opplysningar og gjenstandar.

 

Fiskeridirektoratet kan gjennomføre produksjonsprøver, opne emballasje og ta prøver av vareparti, mellom anna tine fryst vare. Dersom eigaren av vara eller andre vert påførte utgifter gjennom slike undersøkingar, kan utgiftene ikkje krevjast refunderte.

Politiet skal yte Fiskeridirektoratet nødvendig hjelp og vern ved gjennomføring av kontroll.

 

 

 

§ 47. Utplassering av inspektørar og observatørar

 

Inspektørar og observatørar kan plasserast om bord i haustingsfartøy. Dei skal ha nødvendig kost og losji for fartøyet si rekning, og dei skal utan vederlag kunne bruke kommunikasjonsutstyr.

 

Departementet kan fastsetje forskrift om

 

a)

oppgåvene til observatøren

 

b)

kva fartøygrupper og kor mange fartøy som skal ha inspektør eller observatør om bord, og korleis fartøya skal veljast ut

 

c)

at kostnadene ved inspektør- og observatørordningar, mellom anna løns- og transportkostnadene, skal fordelast på alle deltakande fartøy i ei nærare definert fartøygruppe eller i særlege tilfelle heilt eller delvis berast av enkeltfartøy

 

d)

at fartøy som ikkje har betalt pålagde inspektør- eller observatørkostnader kan nektast å delta i vedkomande haustingsverksemd.

 

Krav etter vedtak etter andre ledd bokstav c er tvangsgrunnlag for utlegg.

 

 

 

§ 48. Kontrolloppgåvene til salslaga

 

Salslag som har vedtekter som er godkjende i medhald av lov 14. desember 1951 nr. 3 om omsetning av råfisk (råfiskloven), skal kontrollere at føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova vert følgde. Kontrollen skal avgrensast til opplysningar som naturleg følgjer av salslaget si verksemd etter råfiskloven, særleg kontroll med at fangstuttak og landa fangst er i samsvar med føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova her. Departementet kan påleggje salsorganisasjonane å kontrollere opplysningar om fangstar som ikkje kjem inn under den retten salslaget har til førstehandsomsetning.

 

Ved gjennomføring av kontrollen kan salslaget krevje uhindra tilgang til haustings- eller transportfartøy og til kontora, lagera og produksjonsanlegga til kjøparen eller mottakaren. Det same gjeld når fangst vert overført frå eller til steng eller merd. I denne samanhengen kan salslaget krevje uhindra tilgang til fangstdagbok, landingsjournal, setlar og rekneskapar. Departementet kan i forskrift stille krav til korleis salslaget organiserer kontrollverksemda.

 

Dei som vert kontrollerte, har plikt til å samarbeide ved kontrollen.

 

Departementet kan fastsetje forskrift om gjennomføring av kontroll som er nemnd i denne paragrafen, og om rapporterings- og kontrollrutinar.

 

 

 

§ 49. Utveksling av opplysningar mellom kontrollstyresmakter o.a.

 

Personell i Fiskeri- og kystdepartementet og Fiskeridirektoratet kan utan hinder av teieplikt gje andre kontrollstyresmakter, politi eller påtalemakt opplysningar som har naturleg samanheng med oppgåvene deira etter lova her.

 

Teieplikt for personell i andre kontrollstyresmakter, politi eller påtalemakt hindrar ikkje at dei gjev Fiskeri- og kystdepartementet eller Fiskeridirektoratet opplysningar som er nemnde i første ledd.

Kongen kan fastsetje nærare forskrifter om utveksling av opplysningar etter denne paragrafen.

 

 

Kapittel 8. Tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske

 

 

§ 50. Forbod mot ilandføring av fangst

 

Departementet kan forby ilandføring av viltlevande marine ressursar som er fanga med fartøy som ikkje er norsk, eller med fartøy som ikkje er disponert av norsk statsborgar eller nokon som er likestilt med norsk statsborgar, når

 

a)

fangsten er frå ein fiskebestand av felles interesse med andre statar, som ikkje er forvalta felles

 

b)

fangsten er teken i strid med eit ønskjeleg beskatnings- eller fiskemønster, fører til overfiske av forsvarlege totalkvotar eller er i strid med internasjonale avtalar

 

c)

flaggstaten etter oppmoding ikkje kan stadfeste at fangsten er teken i fiskeriaktivitet i samsvar med eit ønskjeleg beskatnings- eller fiskemønster, eller er i strid med reglar om fiskeriaktivitet som er avtalte med ein framand stat.

 

 

 

§ 51. Tiltak mot dei som driv eller medverkar til ulovleg, urapportert og uregulert fiske

 

Departementet kan fastsetje forskrift om

a)

forbod mot ilandføring, omlasting og tilverking av fangst i norsk hamn med fartøy som ikkje er norsk, når fartøyet har teke del i fiske som klårt strir mot eit ønskjeleg beskatnings- eller fiskemønster, eller klårt strir mot reglar om fiske som er avtalte med ein framand stat

 

b)

forbod mot ilandføring, omlasting og tilverking av fangst i norsk hamn med fartøy som ikkje er norsk, når den som eig eller driv fartøyet er eit rettssubjekt som med eit anna fartøy har teke del i fiske som klårt strir mot eit ønskjeleg beskatnings- eller fiskemønster, eller klårt strir mot reglar om fiske som er avtalte med ein framand stat

 

c)

forbod mot lasting og lossing og mot hamne-, forsynings- og støttetenester i norsk hamn til og frå fartøy som har eller får forbod etter bokstav a eller b

 

d)

forbod i territorialfarvatnet mot forsynings- og støttetenester og omlasting til og frå fartøy som har eller får forbod etter bokstav a eller b

 

e)

forbod mot forsynings- og støttetenester til og frå anna fartøy med norsk fartøy eller på annan måte, når det førstnemnde fartøyet har eller får forbod etter bokstav a til d

 

f)

forbod etter bokstav a til e for fartøy som er oppførte på lister i regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar over fartøy som driv ulovleg, urapportert eller uregulert fiske.

 

Kongen kan fastsetje forskrift som forbyr fartøy som ikkje er norsk, jf. fiskeriforbudsloven § 2, tilgang til norske indre farvatn, dersom vilkåra for å forby ilandføring av fangsten etter § 50 eller etter paragrafen her første ledd bokstav a, b eller f, er oppfylte.

 

 

 

§ 52. Forbod mot verksemd som kan undergrave forvaltningstiltak

 

Departementet kan for å motverke ulovleg, urapportert og uregulert fiske forby verksemd som kan vere med på å undergrave nasjonale forvaltningstiltak og tiltak frå internasjonale og regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar.

 

 

Kapittel 9. Fangst som er hausta eller levert i strid med lova

 

 

§ 53. Forbod mot omsetning

 

Det er forbode å ta imot eller omsetje fangst som er hausta eller levert i strid med føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova. Departementet kan i forskrift fastsetje forbod mot å ta imot eller omsetje fangst ved brot på føresegner som er fastsette i eller i medhald av §§ 40, 41 og 52.

 

Det er likevel lov å ta imot eller omsetje slik fangst når det er gjort vedtak etter § 54, eller når Fiskeridirektoratet eller salslaget har samtykt.

 

§ 54. Fangst som er hausta eller levert i strid med lova

 

Fangst eller verdien av fangst som er hausta eller levert i strid med føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova her, eller deltakerloven, tilfell vedkomande salslag, eller staten dersom fangsten ikkje fell inn under omsetningsretten til salslaget. Dette gjeld utan omsyn til om tilhøvet medfører straffansvar.

 

Departementet kan i forskrift fastsetje reglar om handsaming av slike saker, korleis verdien av fangsten skal fastsetjast, om det kan gjevast vederlag for kostnader ved ilandføring, og om kva salslaga kan bruke slike midlar til.

 

Endeleg vedtak er tvangsgrunnlag for utlegg, og verdien av fangsten kan krevjast inn ved motrekning i fangstoppgjer. Departementet kan gje forskrift om mellombels tilbakehald av fangstverdi.

 

 

Kapittel 10. Avgifter, register og plikt til å gje opplysningar om drifta av fartøy

 

 

§ 55. Kontrollavgift

 

Departementet kan fastsetje forskrift om kontrollavgift.

 

Slik forskrift kan innehalde føresegner om plikt til å svare avgift, korleis ho skal krevjast inn, og om opplysningsplikt for den som leverer og den som tek imot fangst når dette er avgjerande for omfanget av avgiftsplikta.

 

Skuldig avgift er tvangsgrunnlag for utlegg.

 

 

 


§ 56. Register

 

Fiskeridirektoratet kan opprette register for føring, lagring og bruk av opplysningar som er samla etter pålegg som er fastsette i eller i medhald av lova.

 

Fiskeridirektoratet kan vidare, til bruk for kontrollformål, opprette register for føring, lagring og bruk av opplysningar som er nemnde i første ledd, saman med opplysningar som er henta frå andre kjelder.

 

Departementet kan i forskrift fastsetje nærare reglar om registrering og bruk av opplysningar i slike register.

§ 57. Plikt til å gje opplysningar om drifta av fartøy

 

Departementet kan i forskrift påleggje eigaren eller brukaren av haustingsfartøy å gje Fiskeridirektoratet rekneskapar og andre opplysningar om drifta av fartøyet.

 

 

Kapittel 11. Tvangsmulkt og lovbrotsgebyr

 

 

§ 58. Tvangsmulkt

 

Departementet kan påleggje tvangsmulkt for å sikre at føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova vert følgde.

 

Tvangsmulkta er ei løpande mulkt som går frå ein særskild fastsett frist for oppfylling av pålegg, dersom denne fristen har gått ut utan at pålegget er oppfylt. Departementet kan i særlege tilfelle redusere eller fråfalle oppsamla mulkt.

 

Departementet kan i forskrift gje nærare reglar om fastsetjing, gjennomføring og kva tid tvangsmulkta skal gjelde for, og føresegner om rente og tilleggsgebyr dersom tvangsmulkta ikkje vert betalt ved forfall.

Tvangsmulkt kan krevjast inn gjennom salslaget ved motrekning i fangstoppgjer.

 

 

 

§ 59. Lovbrotsgebyr

 

Departementet kan påleggje den som med vilje eller aktlaust bryt føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova, lovbrotsgebyr. Lovbrotsgebyr kan påleggjast etter faste satsar eller utmålast i kvart enkelt tilfelle. Ved fastsetjing av gebyret kan det mellom anna takast omsyn til fortenesta eller den potensielle fortenesta som den ansvarlege har hatt ved lovbrotet, kor alvorleg lovbrotet er, og ekstra kostnader som kontrolltiltak og handsaming av saka har ført med seg.

 

Departementet kan i forskrift gje nærare føresegner om fastsetjing av lovbrotsgebyr og føresegner om rente og tilleggsgebyr dersom lovbrotsgebyret ikkje vert betalt ved forfall.

 

Endeleg vedtak om lovbrotsgebyr er tvangsgrunnlag for utlegg. Lovbrotsgebyr kan også krevjast inn gjennom salslaget ved motrekning i fangstoppgjer. Domstolane kan prøve storleiken på gebyret.

 

Lovbrotsgebyr og straff etter kapittel 12 kan ikkje nyttast mot same lovbrot.

 

 

Kapittel 12. Straffansvar

 

 

§ 60. Brot på reguleringsføresegner

 

Den som med vilje eller aktlaust bryt føresegner fastsette i eller i medhald av §§ 9, 10, 11 tredje og fjerde ledd og 12 til 14, vert straffa med bøter eller fengsel i inntil eitt år dersom tilhøvet ikkje kjem inn under strengare straffeføresegner.

§ 61. Brot på reglar om gjennomføring av hausting og orden på haustingsfelt

 

Den som med vilje eller aktlaust bryt føresegner som er fastsette i eller i medhald av §§ 15, 16 andre ledd, 18 til 21, 22 første og tredje ledd, 23 og 24, vert straffa med bøter eller fengsel i inntil eitt år dersom tilhøvet ikkje kjem inn under strengare straffeføresegner.

 

 

 

§ 62. Brot på reglar som skal leggje til rette for kontroll

 

Den som med vilje eller aktlaust bryt føresegner som er fastsette i eller i medhald av §§ 34 og 36 til 42, vert straffa med bøter eller fengsel i inntil eitt år dersom tilhøvet ikkje kjem inn under strengare straffeføresegner.

 

 

 

§ 63. Brot på reglar om kontroll og handheving

 

Den som med vilje eller aktlaust bryt føresegner som er fastsette i eller i medhald av §§ 45, 46 første til femte ledd, 48 andre til fjerde ledd og 50 til 53, vert straffa med bøter eller fengsel i inntil eitt år dersom tilhøvet ikkje kjem inn under strengare straffeføresegner.

 

 

 

§ 64. Fellesføresegner om straff

 

Grovt lovbrot som er gjort med grov aktløyse eller med vilje, kan straffast med fengsel i inntil tre år. Ved vurderinga av om lovbrotet er grovt, skal det særleg leggjast vekt på om den økonomiske eller potensielle økonomiske verdien av lovbrotet er stor, om lovbrotet har skjedd systematisk og over tid, og om lovbrotet har skjedd som ledd i organisert verksemd.

 

Når straffansvar etter §§ 60 til 63 kan gjerast gjeldande mot fartøyføraren for ei handling nokon av mannskapet på eit fartøy står for, kan den underordna berre straffast dersom han har brote føresegner med vilje. Ved avgjerda av om ein underordna skal straffast, skal det særleg takast omsyn til den preventive verknaden av straffa, kor grovt lovbrotet er, og om vedkomande har hatt eller kunne ha oppnådd fordel ved brotet.

 

Dersom utanlandsk fartøy har brote føresegner som er nemnde i §§ 60 til 63 utanfor sjøterritoriet, kan fengselsstraff ikkje nyttast. Det kan heller ikkje påleggjast subsidiær fengselsstraff i fall bot ikkje vert betalt. Fengselsstraff kan likevel nyttast dersom dette følgjer av avtale med ein framand stat eller fartøyet er statslaust.

 

Fartøyføraren kan vedta førelegg på vegner av oppdragsgjevaren. Oppdragsgjevaren kan også straffast i sak som vert reist mot fartøyføraren.

 

Forsøk og medverknad vert straffa på same måte.

 

 

 

§ 65. Inndraging

 

Ved brot på føresegner som er nemnde i §§ 60 til 63, kan fangst inndragast. Det same gjeld reiskapar, gjenstandar, eigedomar, anlegg eller fartøy som er brukte ved lovbrotet. Dette gjeld utan omsyn til kven som er eigar. I staden for tingen kan verdien heilt eller delvis inndragast hos den skuldige eller den det er handla på vegner av, eller hos eigaren.

 

Det kan fastsetjast at panterett og andre rettar i ting som vert inndregne, heilt eller delvis fell bort. Føresegnene i lov 22. mai 1902 nr. 10 Almindelig borgerlig Straffelov (Straffeloven) § 37 c gjeld tilsvarande.

 

Når lovleg og ulovleg fangst er blanda saman, kan heile fangsten inndragast.

 

 

Kapittel 13. Allmenne føresegner og ikraftsetjing

 

 

§ 66. Havforsking og praktiske reiskapsforsøk

 

Når det er nødvendig for gjennomføring av havforsking eller praktiske forsøk til utvikling av reiskapar, fangsmetodar og liknande, kan Fiskeridirektoratet gjere unntak frå føresegner som er fastsette i eller i medhald av lova eller anna fiskerilovgjeving. Andre føresegner i lova gjeld så langt dei høver.

 

Departementet kan fastsetje kva som skal reknast som havforsking og praktiske forsøk til utvikling av reiskapar, fangstmetodar og liknande.

 

 

 

§ 67. Forskrifter

 

Departementet kan gje forskrifter til gjennomføring av lova. Forskrifter som er gjevne i medhald av lova, kan fastsetjast ulikt for

 

a)

fartøy- og reiskapsgrupper

 

b)

område, artar eller tider på året

 

c)

typar verksemd.

 

§ 68. Forskrifter etter saltvassfiskelova o.a.

 

Forskrifter som er fastsette i medhald av lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske mv. (saltvannsfiskeloven) og lov 24. juni 1994 nr. 34 om registrering som kjøper i første hånd av råfisk m.v., gjeld også etter at lova her er sett i kraft. Forskrifter fastsette i medhald av lova her, kan likevel oppheve forskrifter etter desse lovene når dei uttrykkjeleg fastslår dette.

 

 

 

§ 69. Ikraftsetjing

 

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Frå same tid vert lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske mv. oppheva. Kongen kan setje i kraft dei enkelte føresegnene til ulik tid og på same måte oppheve dei enkelte føresegnene i saltvannsfiskeloven til ulik tid. Frå den tid § 38 vert sett i kraft, vert lov 24. juni 1994 nr. 34 om registrering som kjøper i første hånd av råfisk m.v. oppheva.

 

 

 

§ 70. Endringar i andre lover

 

Frå den tid lova vert sett i kraft, vert det gjort følgjande endringar i andre lover:


1. I lov 14. desember 1951 nr. 3 om omsetning av råfisk vert det gjort følgjande endringar:



Ny § 1 tredje ledd skal lyde:

 

Kongen kan bestemme at loven også skal gjelde for andre viltlevende marine ressurser.



Ny § 7 andre og tredje ledd skal lyde:

 

I forbindelse med kontroll som nevnt i første ledd kan salgsorganisasjon kreve uhindret tilgang til høstings- eller transportfartøy og til kjøperens eller mottakerens kontor, lager og produksjonsanlegg. Det samme gjelder når fangst blir overført fra eller til steng eller merd. I denne sammenheng kan salgsorganisasjonen kreve uhindret tilgang til fangstdagbok, landingsjournal, sedler og regnskap. Departementet kan i forskrift stille krav til salgsorganisasjonens organisering av slik kontrollvirksomhet.

De som er omfattet av andre ledd har plikt til å samarbeide ved kontroll.



 

§ 7 andre ledd vert nytt fjerde ledd.





2. I lov 21. juni 1963 nr. 12 om vitenskapelig utforskning og undersøkelse etter og utnyttelse av andre undersjøiske naturforekomster enn petroleumsforeskomster vert det gjort følgjande endringar:



Ny § 1 tredje ledd skal lyde:

 

Loven får ikke anvendelse på utnyttelse av bunnfaste arter i og på norsk kontinentalsokkel.



 

§ 2 tredje ledd vert oppheva.



 

§ 2 fjerde ledd vert nytt tredje ledd.





3. I lov 17. juni 1966 nr. 19 om forbud mot at utlendinger driver fiske m.v. i Norges territorialfarvann (fiskeriforbudsloven) vert det gjort følgjande endringar:



§ 1 skal lyde:

 

Denne lov gjelder fiske m.v. og annen utnyttelse av viltlevende marine ressurser i Norges territorialfarvann, herunder territorialfarvannet ved Jan Mayen. Den gjelder likevel ikke for territorialfarvannet ved Svalbard.



 

§ 3 skal lyde:

 

Det er forbudt for den som ikke er norsk statsborger eller likestilt med norsk statsborger (jf. § 2), å drive fiske, fangst eller annen utnyttelse av viltlevende marine ressurser i territorialfarvannet. Til fiske eller fangst i territorialfarvannet er det forbudt å nytte fartøy eller redskap som ikke er norsk (jf. § 2).

 

Ved fiske og fangst i territorialfarvannet må minst halvparten av mannskapet og lottfiskerne samt fartøyføreren være bosatt i en kystkommune eller i en nabokommune til en kystkommune. Det kan etter søknad gis dispensasjon fra bostedskravet i første punktum for fartøyførere med bosted annet sted i Norge, i øvrig EØS-område, eller i de deler av Norden som ikke er omfattet av EØS.

 

Forbudene i første ledd gjelder ikke sportsfiske med håndredskap eller annen utnyttelse som ikke innebærer uttak av viltlevende marine ressurser. Salg av fangsten er forbudt. Departementet kan gi forskrifter om hva som skal anses som håndredskap.

 

Uten hensyn til forbudene i første ledd kan departementet bestemme at utlendinger kan drive jakt på kystsel og fastsette vilkår for utlendingers deltakelse i slik jakt.



 

§ 8 skal lyde:

 

Kongen kan forby ilandføring fra fangstfeltet av fisk, krepsdyr og bløtdyr eller deler og produkter av disse fiske- eller dyreslag fanget med fartøy som ikke er norsk (jfr. § 2), eller med fartøy som ikke er disponert av norsk statsborger eller noen som er likestilt med norsk statsborger (jfr. § 2), når ilandføringen antas å ville motvirke stabile og gode pris- og avsetningsforhold ved førstehåndsomsetningen eller den videre omsetning og eksport. Slike forbud kan begrenses til å gjelde bestemte områder eller bestemte fiskeslag.

 

Berørte organisasjoner skal såvidt mulig være rådspurt før det blir fastsatt forbud i medhold av første ledd.

 

Departementet kan ved forskrift pålegge eier eller bruker av fartøy som nevnt i første ledd, og som befinner seg i farvann under norsk fiskerijurisdiksjon, å gi oppgaver til fiskeriadministrasjonen og salgsorganisasjoner over ombordværende fangst og fangstaktivitet som fartøyet har utøvd i farvann utenfor norsk fiskerijurisdiksjon, dersom fartøyet skal levere fangst i Norge. Det kan herunder også gis pålegg om å gi opplysninger knyttet til leveringen av fangsten.

 

 

§ 46 i lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar får tilsvarende anvendelse.



 

§ 9 vert oppheva.





4. I lov 17. desember 1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone vert det gjort følgjande endringar:



§ 3 første ledd skal lyde:

 

Det er forbudt å drive fiske eller fangst eller annen utnyttelse av viltlevende marine ressurser innenfor den økonomiske sone for den som ikke er norsk statsborger eller likestilt med norsk statsborger i henhold til lov av 17. juni 1966 nr. 19 om forbud mot at utlendinger driver fiske m.v. i Norges territorialfarvann. Bestemmelsene i nevnte lov gjelder for øvrig tilsvarende i den økonomiske sone.



 

§ 4 skal lyde:

 

Kongen kan gi forskrifter om fiske og fangst og annen utnyttelse av viltlevende marine ressurser i den økonomiske sone, herunder om

 

a)

største tillatte fangstmengde og fangstinnsats, samlet og for bestemte fiskeslag og bestemte områder,

 

b)

adgang for fiskere fra andre stater til å fiske andeler av tillatte fangstkvanta, og om vilkårene for slikt fiske,

 

c)

tiltak for å sikre en rasjonell og forsvarlig utøving av fisket, herunder bestemmelser om antall fartøyer, fartøystørrelse, redskapsbruk, redskapsbegrensninger, fredningstider, samt trålfrie soner og andre områdebegrensninger,

 

d)

andre tiltak til vern og fremme av bestander av fisk, skalldyr og de levende ressurser for øvrig.




§ 8 fjerde ledd skal lyde:

 

Når straffansvar kan gjøres gjeldende mot fartøyføreren for en handling noen av mannskapet på et fartøy har begått, kan den underordnede bare straffes for forsettlig overtredelse. Ved avgjørelsen av om den underordnede skal straffes, skal det særlig tas hensyn til den preventive virkningen av straffen, hvor grov overtredelsen er, og om vedkommende har hatt eller kunne ha oppnådd fordel ved overtredelsen.





5. I lov 15. mai 1992 nr. 47 om lakse- og innlandsfisk m.v. vert det gjort følgjande endringar:



§ 2 skal lyde:

 

Loven gjelder for anadrome laksefisk og innlandsfisk på det norske fastland. Loven gjelder også for anadrome laksefisk i norsk indre farvann, norsk territorialfarvann og i Norges økonomiske sone utenfor det norske fastland. Lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar § 4 tredje ledd får tilsvarende anvendelse.

 

Loven gjelder for fiske etter saltvannsfisk når dette går fram av bestemmelsene.

 

Kongen kan bestemme at loven skal gjelde for Svalbards landterritorium, indre farvann og territorialfarvann.

 

Denne lov gjelder med de begrensninger som følger av folkeretten eller overenskomst med fremmed stat. Når avtaler med fremmed stat eller internasjonale konvensjoner gjør det nødvendig, kan Kongen gi regler uten hinder av bestemmelser gitt i eller i medhold av denne lov.




 

6. I lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten skal ny § 16 femte ledd lyde:



Departementet kan fastsette forskrift om forbud mot registrering i norsk ordinært skipsregister eller norsk internasjonalt skipsregister for fartøy som er oppført på lister i regionale fiskeriforvaltningsorganisasjoner over fartøy som driver ulovlig, urapportert eller uregulert fiske. Departementet kan likeledes fastsette forskrift om forbud mot registrering for fartøy som er underlagt forbud i medhold av lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar § 51 første ledd a og b.





7. I lov 13. juni 1997 nr. 42 om Kystvakten skal § 9 første ledd bokstav e lyde:



e)

lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar.






8. I lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst vert det gjort følgjande endringar:



 

§ 2 skal lyde:

 

Loven regulerer adgangen til å drive ervervsmessig fiske og fangst og annen høsting av viltlevende marine ressurser med fartøy som er norsk etter reglene i sjøloven §§ 1 til 4 og fartøy som eies av utlending bosatt i Norge når fartøyets største lengde er mindre enn 15 meter. Fartøy som er norsk etter sjøloven § 1 tredje ledd, regnes ikke som norsk etter loven her, med mindre fartøyet eies av person bosatt i Norge og fartøyets største lengde er mindre enn 15 meter.



 

§ 3 skal lyde:

 

Fiske og fangst er ervervsmessig når vedkommende yrkesutøver har fiske eller fangst til levevei alene eller sammen med annen næring. Ervervsmessig fiske og fangst omfatter også annen høsting av viltlevende marine ressurser hvor fartøy nyttes.

 

Vitenskapelige undersøkelser eller praktiske fiskeforsøk som gjennomføres etter tillatelse av Fiskeridirektoratet, jf. lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar § 66, er ikke å anse som ervervsmessig fiske og fangst etter loven her.

 

Kongen kan ved forskrift gi nærmere bestemmelser om når fiske og fangst skal anses for å være ervervsmessig, herunder regler om krav til inntekt opptjent ved fiske og fangst.



 

 

§ 4 tredje ledd skal lyde:

 

En ervervstillatelse gir bare rett til å utøve fiske eller fangst i samsvar med de bestemmelser som til enhver tid er fastsatt i eller i medhold av lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar eller loven her.





9. I lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur skal § 17 andre ledd lyde:



Departementet kan i enkeltvedtak eller forskrift regulere uttak og gjenfangst av den enkelte art på lokaliteten uavhengig av bestemmelsene i lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar.

 

””””””””””””””””””””””””””