Kystfartøygruppa si deltaking i fiske etter NVG-sild i 2005

Publisert: av Norges Sildesalgslag (Sist endret: )
Pressemelding fra Det Kongelige Fiskeridepartement

Pressemelding nr 68/2004

Dato: 26.11.2004

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, tlf 22 24 64 40

- Vi har gjennomført ei opprydding og prioritert dei fartøya som har vore aktive, enten gjennom eige fiske eller ved å nytte drifts- og strukturordninga. Difor har vi tatt ut dei fartøya som ikkje har vist aktivitet dei siste tre åra, seier fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen.

Eit førebels overslag tyder på at rundt 580 fartøy vil få løyve til å delta i 2005, mot 675 i år.



Det er særlege grunnar til å setje eit krav om aktivitet i kystfartøya sitt fiske etter norsk vårgytande sild for 2005. Departementet har ikkje vurdert å setje liknande krav i andre deltakarregulerte fiskeri.



Fiskeri- og kystdepartementet har for 2005 vidareført mange av vilkåra for å delta i fisket etter norsk vårgytande sild. Noko er likevel nytt:

  • Fartøy må ha fiska og levert fangst i minst eitt av åra 2002, 2003 eller før 1. juli 2004, for å få løyve til å delta i 2005.
  • Fartøy som har fått løyve til å nytte driftsordning for fiske og fangst av norsk vårgytande sild før 26. november 2004, får også løyve til å delta i 2005.
  • Fartøy som har fått vedtak eller tilsegn om løyve til å delta etter 1. juli 2003, treng likevel ikkje oppfylle aktivitetskravet. Dette gjeld berre dersom det vart søkt før 1. juli 2004.
Det vil ikkje vere høve til å nytte dei løyva som fell bort i 2005 som grunnlag for tildeling av strukturkvote frå no av og fram til 31. desember 2004.



Forskrifta finn du på Fiskeri- og kystdepartementet si nettside - www.odin.dep.no