Brennmaneter på veg nordover

Publisert: av Norges Sildesalgslag
Lokalitetsansvarleg Roy Hovland ved Brilliant fiskeoppdrett sitt anlegg på Espevær i Bømlo har aldri sett så mykje brennmaneter før, skriver Fiskeridirektoratet på sine hjemmesider, Har sett i gang tiltak
Det er enorme mengder maneter her no, og vi har vore nøydde å ty til lokale fiskarar for å få hjelp til å setje ut nøter rundt oppdrettsanlegget. På den måten prøvar vi å styre manetene utanom laksemerdane, fortel Hovland.

Hovland har også hatt dykkarar på plass for å få spylt vekk maneter som sat fast på anlegget.

– I følgje yr.no skal veret verte det same i ni dagar framover, så noko måtte vi foreta oss. Vi har allereie observert skader på fisken i form av merker etter manettrådane. Vi reknar med å misse ein del fisk på grunn av brennmanetinvasjonen, seier Hovland.

På veg nordover
Anlegg som ligg om lag ein kilometer lenger nord enn anlegget på Espevær har også fått merke manetinvasjonen. Dette tyder på at manetene er på veg nordover. Fiskeridirektoratet vil difor oppmode oppdrettarane til å følgje nøye med utviklinga.

– Vi har i første omgong varsla Fiskeridirektoratet region vest og bedt dei varsle oppdrettarane langs vestlandskysten, seier seksjonssjef Ragnar Sandbæk ved planseksjonen i kyst- og havbruksavdelinga.

Mange førespurnader
Havforskingsinstituttet har ingen fast overvaking eller måling på mengd maneter frå år til år.

– Vi har fått svært mange førespurnader frå mellom anna ytre Oslofjord og Sørlandet, som tyder det på at det er kolossale mengder brennmaneter i år. Etter det vi veit er situasjonen den same i Vest-Sverige, seier Jan Helge Fosså ved Havforskingsinstituttet.

Havforskingsinstituttet har også fått inn meldingar frå reketrålarar i Skagerrakområdet som klagar over at dei får nøtene fulle av ribbemaneter, som tettar att maskene slik at dei ikkje får fangst.

– Typisk ligg manetene i kyststraumen og no ser det ut til at dei føl straumen nordover. Kor langt dei vil spreie seg veit vi ikkje enno, seier Fosså.

Siste nytt