Fokus på utkast,slipping av fangst samt ulovlig omsetning av sjømat.

Publisert: av Norges Sildesalgslag
Fredag la Fiskeridirektoratet fram nasjonale risikovurderingar for kontrollen med dei marine ressursane i 2011 i eit samarbeid mellom Kystvakten, salgslagene og Fiskeridirektoratet. - Ein velfungerande ressurskontroll er eit viktig element i ei totalforvaltning av dei marine ressursane. Det gir ein positiv gevinst tilbake til fiskerinæringa og til samfunnet for øvrig, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord på direktoratets hjemmesider.

Merksemda er retta mot alle typar fiskeri, men ein har eit spesielt fokus retta mot utkast og slipping av fangst samt ulovleg omsetnad av sjømat.

Kystvakten har ansvaret for den operative kontrollen på havet, medan Fiskeridirektoratet rettar sin hovudinnsats inn mot svarte landingar og omsetnad av fisk.

- Men det er viktig å understreke at sjølv om vi rettar spesiell innsats inn mot eitt eller fleire område, så er vi også til stades på andre mindre prioriterte område, seier Holmefjord.

Salslaga er i den nye Havressurslova forplikta til å føre kontroll med bifangst i alle typar fiskeri, og skal ha eit særskilt fokus på dette i 2011.

Les risikovurderingen her:  

 



 

Siste nytt