Landmark konstituert som ekspedisjonssjef

Publisert: av Norges Sildesalgslag
Vidar Landmark er departements-konstituert som ekspedisjonssjef i Havressurs- og kystavdelinga i Fiskeri- og kystdepartementet. Ekspedisjonssjef Johán H. Williams har etter eige ønskje slutta som leiar for Havressurs- og kystavdelinga og går over i ei stilling som fagdirektør i avdelinga. Stillinga som ekspedisjonssjef vil bli utlyst med det første, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

Avdelingsdirektør Vidar Landmark er departementskonstituert som ekspedisjonssjef til ein ny ekspedisjonssjef er utnemnd og har tiltredd.

Landmark er 49 år og utdanna jurist ved Universitetet i Oslo. Han har leia seksjon for juss og økonomi i Havressurs- og kystavdelinga sidan 2008. Vidar Landmark har arbeidd i Justisdepartementet, hos Sivilombodsmannen, i Fiskeri- og kystdepartementet og to år i eit  advokatfirma.
Landmark har samla vore tilsett i meir enn 13 år i Fiskeri- og kystdepartementet.


Siste nytt