Sjøfolk rasar mot Kystverket

Publisert: av Norges Sildesalgslag
Sjøfolk langs heile kysten er i harnisk over at Kystverket vil droppe bygginga av Stad skipstunnel.Det er utruleg tragisk, seier fiskarlagsleiar Jarl Magne Silden i Sogn og Fjordane til NRK I over 20 år har han og mange med han kjempa for å få ein skipstunnel forbi det vêrharde Stadhavet. Men i ein ny rapport tinga av Kystverket etter oppdrag frå regjeringa vert det no konkludert med at det likevel ikkje er behov for ein tunnel, skriver NRK.



Ifølgje rapporten er vêret rundt Stad ikkje dårleg nok. Det gjer Silden forbanna.

- Å konkludere med at vêret ikkje er dårleg nok, det er så dumt at det høyrer ikkje heime nokon plass, seier Silden til NRK.no.

Det har vore gjort 17 utgreiingar om den 1700 meter lange skipstunnelen som er tenkt bygd mellom Moldefjorden og Kjødepollen på nordaustsida av Stadhalvøya.



Tunnelen skal vere stor nok til Hurtigruteskip og sikre trygg seilas forbi Stad.

Etter den 16. utgreiinga gjekk Kystverket i 2007 inn for bygging av tunnel, men i fjor vår vart det sett i verk endå ei utgreiing fordi Fiskeri- og kystdepartementet meinte dei trengte fleire tal. Og no har altså Kystverket ombestemt seg, heter det på NRK

 

Les hele saken og flere reaksjoner på NRK her:

Siste nytt