Færre rapportar om slipping og dumping av fangster

Publisert: av Norges Sildesalgslag
Vi konstaterer at fiskarane er blitt mykje flinkare til å unngå store kast med fare for slipping og neddreping, seier regiondirektør Gunnar Trulssen i Fiskeridirektoratet region Troms, etter et møte mellom Kystvakten og direktoratet. Trulssen har koordineringsansvaret for kontroll og tilsyn med sildefisket.
Også Kystvakten og Sjøtjeneste Nord, som er til stades på felta, sluttar seg til inntrykket om at det no er større aktsemd i sildefisket enn tidlegare. -Sjølv om vi no får inn færre rapportar om slipping og dumping av fangster, er det likevel grunn til å advare mot dette. På skippermøta som vi arrangerer saman med næringa og Kystvakten har vi fokusert veldig tydeleg på aktsemd i fisket. Fiskarane er no meir bevisste på når og kor dei bør kasta etter silda, i forhold til store fiskekonsentrasjonar og vanskelege driftsforhold, seier Trulssen til direktoratets egne nettsider.

Fiskeridirektoratet og Kystvakten vil difor i år ha fokus på at fartøya skal vere eigna og utrusta til å kunne drive eit ansvarleg fiske eter norsk vårgytande sild.






Siste nytt