Jubileum for Kystverket

Publisert: av Norges Sildesalgslag
Kystverkets hovudkontor kan feire 10 år i Ålesund. Mykje har skjedd dette 10-året og etaten kan vise til ei særs god utvikling I år er det 10 år sidan det som då heitte Kystdirektoratet vart flytta frå hovudstaden til Ålesund. Sjølv om hovudkontoret har sete i Ålesund er etaten spreidd rundt i landet. Regionkontora har spesialansvarsområde i form av kompetansesentra for ulike fagområde, og Kystverket Rederi som og er lokalisert i Ålesund vart tidlegare skilt ut som eiga eining.

Beredskapsavdelinga for akutt forureining vart ein del av Kystverket i 2003. Avdelinga har sitt hovudsete i Horten, med utestasjonar i Bergen og Tromsø.

I 2007 gjekk ein vekk frå nemninga Kystdirektoratet. I staden heiter det no Kystverkets hovudkontor. Samstundes skifta distrikta namn til regionar.

I jubileumsåret vil Kystverket ha spesielt fokus på kvalitetsarbeid gjennom Kvalitetsløftet 2012.

Siste nytt