Skjerper håndhevelsen av fangstdagbok

Publisert: av Norges Sildesalgslag
Fra og med 15. januar vil Fiskeridirektoratet stramme inn håndhevelsen av regelverket knyttet til elektronisk fangstdagbok for alle fartøy over 15 meter. Fiskeridirektoratet skriver på egne nettsider om innskjerpingen at:

For flåten over 21 meter vart ordninga med elektronisk fangstdagbok innført frå 1. oktober 2010 og for flåten over 15 meter frå 1. januar 2011.

Etter at ordninga vart innført har direktoratet ført ei lempeleg handheving med regelverket for at flåten skulle kunne tilpasse seg dei nye krava, og elektronisk fangstdagok begynner etter kvart å bli ein naturlig del av kvardagen om bord i båtane over 15m.

- Fiskeridirektoratets døgnopne vaktsentral (FMC - Fisheries Monitoring Centre) har sidan kravet til fangstdagbok vart innført mottatt mange henvendelsar frå fiskarar, og vil også framover kunne yte hjelp til fiskeflåten når det gjeld elektronisk rapportering, seier seniorrådgivar Jens Altern Watne ved FMC.

Små problem
Stort sett alle fiskarar har tatt innover seg kravet om elektronisk rapportering og dei fleste har hatt få problemer med systemet i løpet av innkjøringsperioden Fiskeridirektoratet har lagt opp til.

- Fiskeridirektoratet vil likevel oppmode fiskarane til å ha sterkare merksemd knytt til returmeldingane dei får frå Fiskeridirektoratet for å ha betre oversikt over meldingar som er sendt og mottatt, seier Watne.

Kan gi anmeldelse
Frå 15. januar vil Fiskeridirektoratet handheve regelverket om elektronisk fangstdagbok slik:

  1. Brot på regelverket vil i første omgang medføre ei påpeiking (fram til 15. mars).
  2. Skriftleg advarsel ved gjentatte brot.
  3. Ved ytterlegere brot på regelverket vil direktoratet vurdere å melde forholdet.


Siste nytt