Nytt regelverk for fartøy under 15 meter

Publisert: av Ann-Kristin Kristoffersen

 - Vi er svært nøgde med å endeleg få fastsett dette regelverket, som vi trur vil medverke til færre ulukker i den minste fiskeflåten, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen om det nye regelverket for fartøy under 15 meter.

Den nye forskriften sett sett punktum for eit langvarig arbeid i direktoratet.

Regelverket inneber at ein slår saman sju forskrifter, og på den måten gjer regelverket enklare å finne fram i for brukaren. I tillegg inneber forskrifta at det på sikt blir innført førstegongs kontroll av alle fiskefartøy over 8 meter, og periodisk kontroll av alle fartøy over 9 meter. Sjøfartsdirektoratet vil nytte Godkjente føretak for denne kontrollen, slik det i dag blir gjort for fartøy mellom 10,67 og 15 meter. I denne kontrollen inngår det og at det skal utarbeidast stabilitetsberekningar for alle fartøy over 8 meter, og desse berekningane skal kontrollerast i samband med førstegongs kontrollen av fartøyet. Innfasing av desse krava vil skje over ei viss tid, jf. vedlagte tabell. Vidare blir det kravd ei oppdatering av radioutstyret, men dette kravet vil først tre i kraft 10 år etter at førstegangskontroll skal gjennomførast. Forskrifta inneber og at det på ein del områder blir lempeligare krav enn det som gjeld i dag, mellom anna opnar ein for eit utvida kontrollintervall for redningsflåtane, og det blir opna for større fleksibilitet i fartsområdeavgrensingane på sommartid.

- Det er no over to og et halvt år sidan vi første gang sende forslag til dette regelverket på høyring, og det har vore ein lang prosess med mykje dialog med næringsutøvarane. Regelverket vi no fastset er eit resultat av denne dialogen, og kjem som følgje av eit kompromiss med Norges Fiskarlag, seier underdirektør Yngve Folven Bergesen ved Sjøfartsdirektoratet si avdeling for fiskefartøy.

Se hele forskriften og flere detaljer hos Sjøfartsdirektoratet her:

Siste nytt