Travle tider for den nye ministeren

Publisert: av Roar Bjånesøy

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker skal møte EUs fiskerikommissær Maria Damanaki måndag 11. november for politiske samtalar. Ministeren er for tiden i Tyrkia i forbindelse med statsbesøket.

Tema for møtet MEd Damanaki blir reformen av EUs felles fiskeripolitikk, handel med sjømat og forvaltninga av Noreg og EU sine felles fiskebestandar.


 
Damanaki vil også ha samtalar med statsråd Vidar Helgesen ved Statsministerens kontor. Helgesen har ansvaret for samordning av arbeidet med EØS-saker og forholdet til EU. 

I Tyrkia fortsetter ministeren å knytte bånd til norske sjømatmarkeder.

- Noreg ønskjer å bidra med kunnskapen vår om fiskeriforvaltning og havbruk. Kunnskapsutveksling er avgjerande om vi skal sikre ei berekraftig utvikling, sa fiskriminister Elisabeth Aspaker då ho opna eit fagseminar om den tyrkiske marknaden for norsk sjømat i Istanbul torsdag.

Seminaret samla aktørar frå norsk og tyrkisk sjømatnæring. Den tyrkiske marknaden for norsk sjømat er i vekst, i hovudsak gjeld det makrell og laks. I innlegget sitt understreka statsråden behovet for å utvikle ei berekraftig sjømatnæring.

- Dei kalde og reine farvatna våre gir Noreg klare fortinn i sjømatnæringa. Våre forbrukarar verda rundt - og Noreg sørgjer for 36 millionar sjømatmåltid kvar dag - skal kunne nyte god og sunn sjømat og vite at maten er miljømessig berekraftig, sa fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Siste nytt