Getur tungumál okkar?

Publisert: av Roar Bjånesøy

Kan du islandsk? Norske skipperar på fartøy som skal fiske i Islands økonomiske sone må no mellom anna forstå kva efnahagsløgsøgu betyr. Grunnen er at Island ikkje lenger omset fiskerireguleringar frå islandsk til engelsk.

Dette skriver Fiskebåt.

Den nye praksisen frå islandsk side er blitt kjent gjennom lisensar som er sendt til Fiskeridirektoratet for norske fartøy som kan fiske lodde i islandsk sone. Praksisen vil også ramme norske linefartøy.

Andre nasjonar, mellom dei Russland, har som fast praksis å omsette fiskerireguleringar som gjeld andre lands fartøy til engelsk. Tidlegare gjorde Island det på same måten, men har no endra praksis og sender over reglane berre på islandsk.

I ei melding frå Fiskeridirektoratet heiter det at "Nærings- og fiskeridepartementet jobber med saken".

- Dette er rimelig håpløst for utøvere som skal fangste i islandsk sone. Jeg håper norske myndigheter nå presser på for å lage engelske forskrifter eller at norske myndigheter i det minste oversetter dem, sier utredningsleder Maråk til fbfi.no.

Siste nytt