Prøveordning med kvotebytte i loddefisket for ringnotflåten

Publisert: av Roar Bjånesøy

Det innføres no ei ordning med kvotebyte for ringnotflåten i fiske etter lodde ved Island og i Barenshavet. Det er ei prøveordning for 2014, som innføres etter ønskje frå flåten

Dette sier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Formålet er å legge til rette for ei lønnsam og tenleg gjennomføring av desse to fiskeria, seier fiskeriministeren.

Ordninga går ut på at to samarbeidande fartøy i ringnotflåten kan byte loddekvotar innbyrdes, slik at eitt av fartøya kan fiske begge fartøya sine loddekvotar i Barentshavet, medan det andre fartøyet får fiske begge fartøya sine loddekvotar ved Island. -På denne måten tek vi også vare på mannskapa sine interesser, seier Aspaker.

Berre to fartøy kan delta i kvart kvotebyte, og bytet må gjelde heile kvoten. Eitt fartøy kan ikkje delta i meir enn eitt kvotebyte i løpet av 2014. Også fartøy med leigefartøyløyve kan delta i ordninga. Fartøy som ønskjer å delta i kvotebyteordninga må sende melding til Fiskeridirektoratet innan ein fastsett frist. Grunnen til at denne ordninga blir innført er dei låge kvotane på lodde, og dette tiltaket kan gje betre økonomi i fisket.

 

Nærings- og fiskeridepartementet understrekar at dette er ei mellombels prøveordning. Departementet vil vurdere effekten av ordninga og ta dette med i det vidare arbeidet med kvotesystemet.

Fartøy som ønsker å delta i kvotebytteordningen må sende melding til Fiskeridirektoratets postmottak .

 
[email protected]


Frist for å sende melding: 1. februar 2014

 

 

For mer informasjon: Kommunikasjonssjef Ingrid Dåsnes, 452 41 874

 

Siste nytt