Økt minstepris på nordsjøsild til konsum fra 30.05.2022
Følgende minstepriser gjelder med virkning fra mandag 30. mai 2022.
Fartøya skal eigast av eit av dei største fiskeriselskapa i Petropavlovsk - Kamsjakta regionen i Russland, V.I. Lenin Collective Fishing Farm, skriver Skipskompetanse på sine hjemmesider.
Skipskompetanse, eit selskap med spesialkompetanse innan design
og teknisk utforming av fiskefartøy, har nyleg blitt valt til
levering av design, teikningar og teknisk bistand, i høve bygging
av fleire nye fiskefartøy basert på Skipskompetanse sitt
eigeutvikla SK-3101R design. SK-3101R er eit utprøvd fiskefartøy
design som er brukt til trål, snurrevad og ringnot havfiske.
Fartøya skal eigast av eit av dei største fiskeriselskapa i
Petropavlovsk - Kamsjakta regionen i Russland, V.I. Lenin
Collective Fishing Farm. Denne regionen står for ein stor andel av
fiskefangsten landa i Russiske farvatn. Bygginga av fartøya skal
utførast av Russisk verft og redar er samd med Yantar JSC i
Kaliningrad om bygging og utrysting av desse moderne og effektive
SK-3101R fartøya. Redar, Verft og Skipskompetanse er og einige om
ein opsjon på bygging av fleire fiskefartøy etter leveransen av dei
faste avtalene.
Fartøya i denne fyrste designserien blir 50 meter i lengde og 12
meter i breidde. Fartøya blir bygde etter Russisk isklasse krav og
vil ha RSW tankar på 800 m3. Fartøya blir klargjorde for eit
mannskap på 15.
Skipskompetanse vil og bidra med utveljing og leveranse av
tekniske løysingar til bruk om bord i desse fartøya og det er
forventa at fleire Norske leverandørar vil bli forspurde om
leveransar. Levering av fyrste ferdige fartøy er satt til 1 kvartal
2018.
For Skipskompetanse er dette ei svært gledeleg nyheit og viser
igjen styrken og kvaliteten i grunnarbeidet gjort på SK sine design
innan fiskeri. Tidligare i 2015 har Skipskompetanse og levert
designpakkar til 3 levande fisk fraktebåtar, eit anna design
satsings område for Skipskompetanse.
Dagleg leiar Per Jørgen Silden uttalar at denne kontrakta er ein
viktig milepel for Skipskompetanse og vår internasjonal satsing i
2015. Nasjonalt satsar vi og innanfor fiskeri og vi vonar og
trur sterkt at vi skal lykkast vidare også i det vi kallar
heimemarknaden. Resultata som vi no ser kjem av hardt
kvalitetsarbeid frå alle, både tilsette og andre tilknytte
selskapet.
Skipskompetanse er eit ingeniørselskap med fokus på skipsdesign og
skipsutvikling. Vi held til i Måløy i Vågsøy kommune i eit
område med lang og sterk historie innan fartøybygging og utvikling.
Sjå meir på www.skipskompetanse.no
Norsk Villfisk nevner tre viktige pilarer for å utvikle villfisknæringen videre
Forsker mener sjømatnæringen bør bli flinkere til å formidle godene havet og sjømat gir mennesker og planeten
I forbindelse med Fiskeridirektoratets årlige opprenskningstokt stenges Harøyfjorden og Midfjorden for fiske med faststående redskap dypere en 25 meter
Kvoteenheten for beregning av fartøykvoten i lukket gruppe økes til 25,0 tonn.
Knalluke på nordsjøsilda, og trått på tobis'n.
Nordsjøsildsesongen er i gang og Havforskningen minner om viktigheten av å delta i fangstprøvelotteriet også på silda