Styrevedtak om lossing av fangster til mel- og oljeanvendelse
Styret i Sildelaget hadde lossing av fangster til mel- og oljeanvendelse til behandling på styremøtet 20. februar og fattet følgende vedtak:
Nærings- og fiskeridepartementet sender på høyring forslag om endringar i marknadsavgifta for sektorane laks, aure og pelagisk fisk
Sjømatrådet gjer ein viktig jobb for ei av Noregs fremste
eksportnæringar. Næringa er tent med ein koordinert innsats innan
beredskap, marknadsinformasjon og fellesmarknadsføring, men vi må
sikre at omfanget av aktivitetane til Sjømatrådet er tilpassa
behova i næringa, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
Nærings- og fiskeridepartementet sender på høyring forslag om
endringar i marknadsavgifta for sektorane laks, aure og pelagisk
fisk. Høyringsnotatet følgjer opp evalueringa av Sjømatrådet som
vart gjennomført i 2014. Evalueringa peikte på at ein bør gå
gjennom marknadsføringsarbeidet og finansieringsmodellen i lys av
endringar i både bransjar og marknader.
- I takt med eksportveksten har inntektene til Sjømatrådet auka
betydeleg. Samtidig ser vi ei utvikling der det for deler av
næringa er behov for å dreie noko av den felles marknadsføringa
over på merkevarebygging. Eg vil samtidig understreke at
Sjømatrådet sitt arbeid innan beredskap og marknadsinformasjon skal
oppretthaldast, seier Aspaker.
Verksemda til Sjømatrådet blir finansiert fullt ut av næringa
gjennom avgifter som er fastsette i medhald av fiskeeksportlova.
Departementet foreslår å vidareføre den avgiftsfinansierte
modellen, men at modellen blir differensiert:
Endringane i marknadsavgift blir tilrådd gjennomført med verknad
frå 1. januar 2016. Ei slik endring vil føre til at budsjettet til
Sjømatrådet kjem på nivå med det budsjettet dei hadde i åra 2009-
2010.
- Eg er opptatt av at Sjømatrådet skal ha legitimitet for arbeidet
blant sjømatbedriftene, og eg vil difor lytte til dei innspela vi
får gjennom høyringa, seier Aspaker.
Styreval
I høyringsnotatet foreslår Nærings- og fiskeridepartementet å
fjerne føresegna der berre namngitte organisasjonar har rett til å
melde inn styrerepresentantar, og i staden gi alle høve til å spele
inn forslag til styrekandidatar.
- Dette vil gjere styrevalprosessen meir i tråd med dei prinsippa
for god eigarstyring som er nedfelt i siste
eigarskapsmeldinga. Styret i Sjømatrådet skal vere
representativt for fiskeri- og havbruksnæringa og
styrerepresentantane skal veljast med bakgrunn i kompetansen sin og
ikkje med utgangspunkt i kva for organisasjon dei representerer,
avsluttar fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
Høyringsfrist er 8. april 2015.
Fiskarlaget søker rådgiver til Fiskarlaget Vest og Fiskarlaget Møre og Romsdal
Fiskeridirektoratets Sjøtjeneste ønsker å leie tre fartøy til overvåkning av fiskefelt i Norges Økonomiske sone og i Barentshavet
Etter planen skal Storbritannia tre ut av EU 29. mars. Fiskeridirektoratet sender ut et informasjonsskriv til aktører som har fiskeriinteresser i britisk farvann i det som i dag er EU-sonen.
Sintef Ocean har gjennomført en rekke forsøk, men ikke kommet helt i mål med å utvikle en trål som er egnet for kommersielt fiske av arten
Irske Marine Insistute skal erstatte den 21 år gamle "Celtic Voyager" med et nytt og større fartøy, Skipsteknisk skal stå for designet
Silda er på Møre, og første kolmulelast på vei til nye fabrikken i Egersund.