Vil ikke ha endringer i Fiskesalgslagsloven

Publisert: av Roar Bjånesøy

Fiskebåt er enig i mange av hovedkonklusjonene i rapporten frå Tveterås-utvalget, men tre av forslagene er i strid med Fiskebåts syn, sa styreleder Tore Roaldsnes på årsmøteåpningen i Oslo.

Det er tre fleirtalsforslag som ikkje er i tråd med det rådande synet til Fiskebåt: forslaget om endringa av Fiskesalslagslova, Deltakarlova og forslaget om fritt kvotetak, sa Roaldsnes.



Fiskesalslagslova

-Eg er einig med mindretalet i utvalet som meiner at det ikkje er nødvendig å endre Fiskesalslagslova no når den har virka i berre eit år. Eg er overraska over fleirtalet sin konklusjon. Deira argumentasjon byggjer opp om at salslaga fungerer godt i ein marknadssamanheng, men dei konkluderer likevel motsett. Mi vurdering er at denne lova er like aktuell i dag som den gong Råfisklova vart innført. Det har vi sett i kvitfisksektoren dei siste åra, særleg for kystflåten, og vi ser det i pelagisk sektor i dag som følgje av sterk konsentrasjon på kjøparsida.


Dernest vil eg hevde at Fiskesalslagslova ikkje har vore til hinder for positiv utvikling på landsida. Lova bidreg til ein likeverdig marknadsplass for kjøparane. Det er grunn til å tru at denne lova har vore med på å oppretthalde ein differensiert flåte. Når dette er sagt, så kan det vere grunn til å sjå på om det er behov for alle salslaga vi har i dag, og om enkelte av dei burde slå seg saman for å betre tilbodet både til fiskarane og ikkje minst til kjøparane, sa Roaldsnes


Roaldsnes nemnde desse hovudkonklusjonane, der det er samanfallande syn:

-mindre politisk detaljstyring
-fokus på lønsemd og effektivitet
-like rammevilkår for næringsutøvarar
-berekraftig hausting
-fritt reiskapsval
-auka innsats på ressursforsking og FoU
-ombordproduksjon

Les mer her om  Fiskebåts syn på Deltagerloven og forslaget om fritt kvotetak

Siste nytt