Ingen avtale på sild og kolmule

Publisert: av Roar Bjånesøy
Kyststatane, som har forhandla utanfor London denne veka, blei ikkje samde om kvoteavtalar på kolmule og norsk vårgytande sild.
Dette skriver fiskebat.no på sine hjemmesider.
Nvg-sild
Partane blei samde om TAC-nivået i 2015 (283 013 tonn), men ikkje om fordelinga på landa. -Dermed vil kvar enkelt kyststat fastsette sin eigen kvote. Det er å håpe at alle kyststatane, Færøyane medrekna, vil rette seg etter den opphavelege avtalen om fordeling. Vi får håpe at Færøyane vil besinne seg i år og ikkje tildeler seg ein kvote langt ut over det den opphavelege kyststatavtalen gir grunnlag for. Det seier Fiskebåt-direktør Audun Maråk, som deltok i den norske forhandlingsdelegasjonen på vegne av Norges Fiskarlag.

På møtet la Norge fram eit fakta-ark, som viste ei sonetilhørigheit på 75% og ein fangst på 80% av totalen i norske farvatn for nvg-silda. Opplysningane er baserte på resultat frå fellestokt med forskarar frå kyststatane. Norge ba dei andre kyststatane reflektere over dette før forhandlingane om kvoteavtalar for 2016 og åra etter, seier Maråk. Partane kjem ikkje til å møtest igjen for å drøfte 2015-situasjonen.

Kolmule
Heller ikkje når det gjeld kolmule kom partane fram til ein kvoteavtale for 2015.
-Bakgrunnen er at EU krev endringar i prinsippa som har vore gjeldande til no. Opphaveleg hadde Norge 36-37% av totalkvoten på kolmule, men gjekk ned til 26,2% for å kunne fiske i EU-sona. No vil EU nekte Norge sonetilgang, samstundes som den norske kvotdedelen skal haldast på 26,2%. Dette var heilt uakseptabelt for Norge, seier Maråk.

-Dersom Norge skulle få sonetilgang kravde EU meir kolmule og også at Norge skulle betale med andre fiskeslag. EU ser ikkje på heilskapen avtalen, noko Norge ikkje kan godta, seier Maråk.

-Resultatet blir at den mellombelse reguleringa blir endeleg, dersom ikkje partane på eit nytt kolmulemøte blir samde om ein avtale. Dette inneber at norske fiskarar kan ta 36,8% av totalkvoten ii internasjonalt farvatn, norsk økonomisk sone eller Færøy-sona (inntil 80 000 tonn).I tillegg kan Norge fiske 102 000 tonn kolmule i EU-sona i kraft av den tosidige avtalen med EU.

 

Siste nytt