Kom med fangstprøver

Publisert: av Roar Bjånesøy

Alle ringnotfartøy og pelagiske trålere blir oppmodet til å levere en fangstprøve fra hver tur. Havforskningsinstituttet har laget et opplegg for systematisk innsamling av fangstprøver av pelagisk fisk som skal bidra med mer data til bestandsforskningen. 

Fiskebåt har i lang tid samarbeidd med Havforskingsinstituttet (HI) for å få til ei innsamling av fangstprøver og på dette området kan flåten gjere ein stor innsats for å få betre bestandsforsking. Diskusjonen om kor store årsklassene av norsk vårgytande sild er, viser kor viktige slike data kan vere, skriver fiskebat.no.

Salgslederne på Sildelaget har vært i kontakt med kjøperne, inkludert sildoljefabrikkene, og alle har sagt seg villige til å ta imot fiskeprøver fra båtene etterhvert som de kommer inn for å levere

 

Her kan du lese mer om prosjektet og finne kontaktpersoner på anleggene en kan levere prøver til: 



Havforskningen skriv mellom annet dette om prøvetakningen:

Det er viktig at me får nok prøvar frå fisket frå alle fangstfelt og frå alle tidsperiodar fisket føregår, for å få ei god årsklassefordeling av dei ulike pelagiske artane som blir fiska.

 

Dersom kvart fartøy som fiskar med ringnot og pelagisk trål fryser ein prøve til oss frå kvar tur, vil me sikra oss eit godt prøvemateriale både i rom og tid. Det er fint om de kan hjelpa oss med dette ved å senda ei oppfordring til kvart rederi om å frysa prøvar til oss. Beste måten å få tak i prøvane på trur eg vil vera at dei blir levert i land på det mottaket fartøyet leverer fangsten til, og at dei ulike mottaka samlar prøvane og sender dei til oss etter avtale. Dei fartøya som leverer fangst i utlandet må ha prøvane om bord til dei kjem til norsk havn.

 

I kvar prøve av NVG-sild, nordsjøsild, makrell, hestmakrell, brisling og kolmule brukar me 50 fisk, i kvar prøve av lodde brukar me 100 fisk. Det er viktig at det er ein samfengt (tilfeldig prøve). På NVG-sild brukar me risp (skjell) til aldersfastsetjing, så her er det viktig at sild til prøven vert teken av tidleg under ombordpumpinga for å sikra seg at ikkje silda misser for mykje risp. På dei andre artane brukar me otolittane (øyresteinane) til aldersfastsetjing.

 

Merking av prøvane: Fartøynavn, fiskeart, fangstdato, fangstposisjon og fangstkvantum.

Så får vi håpe at mange fartøy stiller opp på prosjektet og leverer prøver i tiden fremover. 

Siste nytt