Kvifor utkastforbod er god fiskeriforvalting

Publisert: av Roar Bjånesøy

Ein artikkel om utkastforbodet er no publisert i det vitskaplege tidskriftet «Marine Policy». Artikkelen summerer opp den samla norske utkastpolitikken, med stenging av felt, utvikling av reiskap med meir. 

Dette skriver Fiskeridirektoratet:

I seinare år har vi hatt mange spørsmål om kva politikken vår går ut på, frå både styresmakter, miljøvernorganisasjonar, fiskarar og andre, særleg innan EU, fortel Peter Gullestad, som er ein av artikkelforfattarane og fagdirektør ved utviklingsseksjonen i Fiskeridirektoratet.

Gullestad og hans medforfattarar såg at det var eit stort informasjonsbehov når det gjaldt den norske modellen, og kva denne politikken eigentleg gjekk ut på, særleg innan EU, men også i andre delar av verda.

- Det er på ingen måte ein perfekt politikk, og den er krevjande, men den er eit døme på eit etter måten særs vellykka forsøk på å redusere eit omfattande problem, seier Gullestad.

EU kjem etter
Noreg starta med å innføre eit forbod mot utkast av torsk og hyse i 1987, eit forbod som etter kvart blei utvida til nye artar. I Noreg er det altså utvikla ein politikk der siktemålet er å unngå fangst av til dømes yngel og småfisk, mens EU på si side har hatt eit forbod mot å lande slik fisk. Med andre ord har det, på lovleg vis, vore mogleg å kome unna med å dumpe fisk som det er ulovleg å landa i EU-landa.

Men som eit av dei viktigaste tiltaka i reforma av EUs fiskeripolitikk har EU frå 1. januar 2015 innført eit påbod om landing av all fangst av pelagiske artar som sild og makrell. I røynda svarer landingspåbodet til vårt utkastforbod. Og dei har lagt ei plan for gradvis utviding av landingspåbodet fram til 2019, slik at dette etter kvart skal gjelde alle artar som EU regulerer med kvoter.

- Maria Damanaki, som var EU-kommissær for fiskeri fram til i fjor haust, har vore ein pådrivar for å få innført landingspåbodet i EU, fortel Gullestad.



Siste nytt