Om Europa, sjømat og EU

Publisert: av Roar Bjånesøy

I ein kronikk i Fiskeribladet Fiskaren 8. desember stiller Gro Hilde Reinsborg i Europabevegelsen spørsmål ved korleis Sjømatalliansen har tenkt å oppnå det som alliansen har definert som si hovudmålsetjing, nemleg å sikre fri tilgang til EU-marknaden.

Utdrag fra sjomatalliansen.no:

Spørsmålet er godt og svaret er enkelt; vi krev ei endring i det som gjennom skiftande regjeringar har vore den norske handelspolitiske hovudlina siste tiåra. Skal ein verkeleg ha ambisjonar om å arbeide for norske interesser, inneber det ei langt tydelegare og forpliktande prioritering av marknadstilgangen for norsk sjømat.


Sjømatalliansen sitt utgangspunkt er  at handelen vår med EU er regulert gjennom ulike avtaler, første rekke EØS-avtalen, men for sjømat sin del også av Frihandelsavtalen frå 1973. EØS-avtalen er den største og mest omfattande internasjonale avtalen Norge har inngått. Avtalen gir Norge ei tilknyting til EU som skil seg frå andre internasjonale avtaler som Norge er del av. Det dynamiske elementet i avtalen, også på det handelsmessige området vert godt illustrert ved at det i skrivande stund vert forhandla på fleire felt, med sikte på utvikle og liberalisere handelen mellom EU og Norge. Vi bør med andre ord ha eit godt avtalemessig fundament for å sikre frihandel med sjømat.


Norsk sjømat vert eksportert til 120 svært ulike marknader rundt heile verda. Vi må akseptere at det kan  skje uventa ting, utanfor vår kontroll i  land som Ukraina, Nigeria, Brasil,  Russland m.v. Men at vi opplever ustabile og mangelfulle rammevilkår innanfor EØS-området meiner vi bør vere handterbart for norske styresmakter. Gjennom dei 20 åra vi har hatt EØS-avtalen har vi likevel ikkje klart å gjere noko endringar i rammene for handelen med sjømat.


Sjømat den nest største eksportvaren vår, og EU er den største markanden vår. Næringa er internasjonalt konkurransedyktig, den gir lønsame arbeidsplassar og vil gjennom vidare vekst vere viktige for å sikre framtidig velferd for nasjonen Noreg. Når vi likevel kan sjå attende på 20 år med fullstendig stillstand i utvikling av tilgangen til den viktigaste marknaden vår meiner vi det handlar om vilje, og dermed kva prioritet sjømatnæringa sine utfordringar får hos norske politikarar.


Det er svært lett å ha eit politisk ønskje om å arbeide for betre marknadstilgang for norsk sjømat. Men vi trur Reinsborg har heilt rett når ho slår fast at «For å få, må man gi».


Sjømatalliansen er ikkje ein ny «Kysten inn i EU»-aksjon. Medlemskap i EU står ikkje på dagsorden på det politiske kartet og vil venteleg heller ikkje gjere det på lang tid. Det bør vere underordna EU-medlemskap at norske styresmakter, gjennom det omfattande og dynamiske avtaleverket vi har med EU gjennom EØS-avtalen er i stand til å sikre viktige norske interesser.  Men ei løysing  kjem ikkje av seg sjølv.


Skal ein verkeleg ha ambisjonar om å arbeide for norske interesser, inneber det ei langt tydelegare og forpliktande prioritering av marknadstilgangen for norsk sjømat.




Dette debattinnlegget  er eit tilsvar frå Sjømatalliansen,
av Kristin Alnes i FHL og Erling Holmeset i Fiskarlaget.



Sjømatalliansen er et interessefellesskap mellom organisasjonene i fiskeri- og havbruksnæringen. Sjømatalliansen arbeider for å styrke de offensive handelsinteressene for norsk sjømat, og for fri markedsadgang til alle viktige markeder.








Siste nytt