Ministermøte i Bergen 18. mai

Publisert: av Roar Bjånesøy

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker møter sin islandske kollega Sigurður Ingi Jóhannsson i Bergen 18. mai.

Den islandske fiskeriministeren ønskjer å hauste kunnskap om havbruk. Dei to ministrane dreg mellom anna til Øygarden visingssenter for fiskeoppdrett og settefiskanlegg på Askøy. I tillegg skal dei to statsrådane ha politiske samtalar.


Utdrag frå programmet:

Måndag 18. mai

Kl. 10:00: Besøk i Kystmuseet Øygarden og visingsanlegget for fiskeoppdrett

Kl. 13:45: Besøk på settefiskanlegg på Askøy (Blom fiskeoppdrett AS/Strømsnes akvakultur As)

Kl. 16.30: Politiske samtalar.

 

Siste nytt