Årets forskningsrapport klar

Publisert: av Roar Bjånesøy

Havforskingsrapporten 2015 er klar for distribusjon, den er på 215 sider, og viser eit breitt spekter av aktiviteten som skjer på Havforskingsinstituttet

 havdelen er det blant anna to seriar; ein som drøftar ulike sider ved økosystembasert fiskeriforvaltning, og kor langt vi er kome med denne type forvaltning i våre farvatn. Den andre viser kva følgjer dei varsla klimaendringane kan få i kyst- og havområda utanfor Noreg.


Akvakulturdelen er delt opp i faste bolkar, og presenterer mellom anna nye kunnskap om rømt fisk; effektar og tiltak og fiskevelferd.


Ressursdelen gjer opp status for meir enn 50 artar som vert kommersielt utnytta i norske fiskeri, og inneheld i tillegg nøkkeltal og utbreiingskart. Det er også med nokre artar som ikkje vert hausta. Lyr og havmus er nye i årets ressursdel.

Les mer og BESTILL rapporten her:  

Siste nytt