Fiskeri under Arendalsuken
Tirsdag 16 august blir det flere innlegg og debatter om fiskerinæringen under Arendalsuken. Det vil bli live strømming av arrangementet
Statsbudsjettet 2016: Økningen på 170 millioner vil leggje til rette for å realisere potensialet som ligg i dei marine næringane, medverke til omstilling og styrkje den norske konkurransekrafta, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker
47,5 millionar kroner av auken er ein følgje av høgre sats og
provenyauke frå fiskeriforskingsavgifta, og skal brukast til å
styrkje ressursforskinga.
- Forsking og utvikling er ein føresetnad for berekraftig vekst i
dei marine næringane. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvingane
til marin forsking og infrastruktur med nærmare 170 millionar
kroner i statsbudsjettet for 2016. Dette vil leggje til rette for å
realisere potensialet som ligg i dei marine næringane, medverke til
omstilling og styrkje den norske konkurransekrafta, seier
fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
Satsinga følgjer opp Masterplan for marin forsking. Prioriterte
område i satsinga er ressurs- og havbruksforsking,
forskingsinfrastruktur, forsking retta mot sjømatindustri og
teknologi, samt forsking med sikte på å utvikle nye marine
næringar.
- Regjeringa har styrkt løyvingane til marin forsking kvart år
sidan vi overtok. Med dette budsjettforslaget forsterkar vi
innsatsen ytterlegare, og legg til rette for ein berekraftig vekst
for havnasjonen Noreg, seier Aspaker.
Regjeringa foreslår å auke løyvingane til vedlikehald og
opprusting av dei marine forskingsfartøya med 100 millionar kroner
i 2016. Forslaget er ein del av regjeringa sin eittårige
tiltakspakke for auka sysselsetjing, og skal gi ordrar til
verftsindustrien og betre utnytting av forskingsfartya.
Avgiftsauken medverkar til at næringa i større grad er med på å
finansiere kunnskapen som er nødvendig for å auke
verdiskapinga.
Satsinga på marin forsking:
Aktiviteten tar seg opp.
Eros og Vendla avslutter prets makrelltok i Tromsø 5 august
Rundskriv 18/22 fra Sildelaget informerer nærmere om regelverk ved tilleggsinnmeldinger i pelagisk fiske
En fersk undersøkelse fra Sjømatrådet viser at 35 prosent av barn og unge spiser fisk sjeldnere enn én gang i uken.
De siste to årene har norske fiskere ikke hatt fri tilgang til å fiske nordsjøsild i britisk sone. Dette har ført til en tidligere start på fangstsesongen med mye små sild av lavere kvalitet. Med en stor makrellkvote og manglende tilgang til å fiske i britisk sone, startet også årets makrellfiske tidlig.
Etter et rekordsterkt første halvår, følger juli som den beste juli-måneden for norsk sjømateksport. Norge eksporterte sjømat for 11,6 milliarder kroner i juli.