Kvoterådene klare for 2024
Rådet går opp for kolmule, mye ned for sild og litt ned for makrell. Det blir igjen nullfiske på hestmakrell i 2024
Havforskarane har registrert mindre lodde under årets økosystemtokt i Barentshavet dei førre åra.
I helga skal norske og russiske forskarar gå gjennom det
innsamla materialet. Rådet for neste års loddekvote kjem like over
helga, skriv Havforskninga.
Det norsk-russiske økosystemtoktet i Barentshavet er ferdig for i
år. Forskingsfartøyet "Johan Hjort" la til kai i Kirkenes denne
veka, og i dag presenterte toktleiar Georg Skaret dei første
resultata frå toktet.
Kvoteråd i neste veke
- I år har vi sett at loddebestanden er mindre enn
tidlegare og at den har klumpa seg saman ganske sentralt i
Barentshavet. Dette er noko vi må ta med når vi skal sette oss
saman med våre russiske kollegaar for å komme fram til kvoterådet
for neste år. Vi reiser til Murmansk i morgon tidleg for å starte
på jobben, og rådet må vere klart tidleg i neste veke. Då går det
til Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) kor det blir
kvalitetssikra. Dei sender det vidare til den norsk-russiske
fiskerikommisjonen, fortel Skaret.
Kommisjonen skal møtast i Astrakhan i Russland i neste veke. Der
blir både loddekvoten og kvotane for dei andre kommersielle
fiskeartane i Barentshavet fastsett.
Alternativ føde for torsken
Lodda er ein viktig nøkkelart i Barentshavet og
favorittmaten til torsken.
- Det er grunn til å spørje om lite lodde fører til mindre mat for
torsken, men under toktet har vi funne mykje ungsild - spesielt
toåringar. Dette kan bli viktig alternativ føde for torsken.
Fleire resultat
Økosystemtoktet i Barentshavet har blitt gjennomført
kvart år sidan 2003. Då undersøker havforskarane heile dette
fruktbare havområdet frå "A til Å". Alt frå planteplankton
til kvalar blir kartlagt, dei fysiske miljøforholda som straum og
temperatur blir målt, det takast prøvar som blir analysert for
forureining, søppel blir registrert og det er med observatørar om
bord på forskingsfartøya som observerer og tel sjøfugl. I år har
tre norske og eit russisk fartøy gjennomført toktet, og i dagane
som kjem vil de bli publisert fleire resultat frå toktet.
Viktig melding til våre kjøpere:
Fiskeridirektøren har besluttet å gjøre følgende justeringer i maksimalkvoten for fartøy som fisker med not i etter makrellstørje:
Fiskeridirektøren har besluttet å gjøre følgende justeringer for beregning av norske fartøys
maksimalkvote i britisk sone:
Garna tilsvarer 37 000 meter som nå er tatt opp og fjernet fra havbunnen i løpet Fiskeridirektoratets opprenskingstokt som nylig er gjennomført
Makrellen står fortsatt spredt både i havet og på kysten.
Følgende minstepriser gjelder med virkning fra mandag 25.09.23: