Kvoterådene klare for 2024
Rådet går opp for kolmule, mye ned for sild og litt ned for makrell. Det blir igjen nullfiske på hestmakrell i 2024
Ole Arve Misund er i statsråd utnemnt til ny direktør for Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) i Bergen. NIFES forskar på fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.
- NIFES skal vere ein leiande kunnskapsleverandør innanfor
fiskeernæring og trygg og sunn sjømat nasjonalt og internasjonalt.
Med Ole Arve Misund har instituttet fått ein sterk leier med klare
mål om å utvikle NIFES vidare. Dette er viktig for å styrkje Noreg
som sjømatnasjon, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
Ole Arve Misund (58) er i dag administrerande direktør ved
Universitetssenteret på Svalbard. Han er utdanna cand. scient og
dr. philos i fiskeribiologi frå Universitetet i Bergen og har hatt
ulike forskar og leiarstillingar, blant anna som forskingsdirektør
ved Havforskningsinstituttet.
- NIFES er unike ved at dei forskar på heile kjeda frå fôr til
fisken og ut til helseeffektane på forbrukarane. Deira kunnskap er
viktig for å sikre trygg sjømat og ei berekraftig utvikling
framover, seier fiskeriministeren.
Ole Arve Misund er tilsett på åremål for seks år, med mogleg
forlenging i ytterlegare éin periode. Han tiltrer i februar.
Fakta om NIFES
NIFES er eit forvaltingsorgan under Nærings- og
fiskeridepartementet. Instituttet har ei fri og uavhengig rolle i
alle faglege spørsmål.
Instituttet har i dag ca. 140 årsverk, og er lokaliserte i Bergen.
Instituttet forvaltar forskingsinfrastruktur i form av
analysemetodar og laboratoria - og har ei årleg omsetning på om lag
155 mill. kroner.
Viktig melding til våre kjøpere:
Fiskeridirektøren har besluttet å gjøre følgende justeringer i maksimalkvoten for fartøy som fisker med not i etter makrellstørje:
Fiskeridirektøren har besluttet å gjøre følgende justeringer for beregning av norske fartøys
maksimalkvote i britisk sone:
Garna tilsvarer 37 000 meter som nå er tatt opp og fjernet fra havbunnen i løpet Fiskeridirektoratets opprenskingstokt som nylig er gjennomført
Makrellen står fortsatt spredt både i havet og på kysten.
Følgende minstepriser gjelder med virkning fra mandag 25.09.23: