Oppgraderer forskningsfartøy

Publisert: av Roar Bjånesøy

Havforskningen får 100 millioner kroner til å oppgradere forskningsfartøyene. Dette er en del av regjeringens satsting på mer marin forskning. Og i Bergen blir det samlokalisering av dei marine forskningsmiljøene

- Det er gledeleg å sjå at Regjeringa satsar på dei uante mogelegheitene som ligg i havet, seier Tore Nepstad, administrerende direktør ved Havforskningsinstituttet.

- Styrka ressursforsking, internasjonalt samarbeid, nasjonalt samarbeid om forskingsinfrastruktur og klarsignal til å sjå på samlokalisering av dei marine forskingsmiljøa i Bergen er alle klare signal om kor vi skal, seier Nepstad.

Masterplanen som vart lagt fram av statsministeren og fiskeriministeren i Tromsø i dag inneheld ei klar melding om at Regjeringa er oppteken av å auke verdiskapinga frå havet. Akvakultur står sentralt i ei slik utvikling. Det gjer også biomarine næringar. På pressekonferansen i Tromsø kom det fram at løyvingane til marin forsking skal aukast med 170 millionar kroner i 2016. 100 av desse millionane skal gå til opprusting av forskingsfartøya.

- Havforskingsinstituttet si rolle som kunnskapsleverandør til forvaltinga er tydeleg. Regjeringa har spissa sine forventningar til heile vår organisasjon. Det er utfordrande og inspirerande, seier Tore Nepstad.

Siste nytt