Ti nye deltakeradgangar er tildelt

Publisert: av Roar Bjånesøy

Søknadane til ti nye deltakeradgangar for 2016 er no ferdigbehandla. Målet med deltakeradgangane er å gjere det lettare å etablere seg som fartøyeigar og å sikre rekruttering til fiskaryrket.

Dette skriv Fiskeridirektoratet:

- Vi er heilt avhengige av at fiskeflåten kan trekkje til seg engasjerte og interesserte unge fiskarar. I tillegg til rekrutteringskvotane har vi innført eigne lærlingekvotar og auka skolekvotane. Til saman er dette tiltak som eg håpar skal få fleire unge til å bli fiskarar, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Sidan 2009 har departementet årleg delt ut deltakeradgangar (rekrutteringskvotar) til unge fiskarar som eig fiskefartøy. Ordninga gjeld berre for fiskarar under 30 år som eig fartøy.

Det var i år totalt 41 søkjarar, av dette ei kvinne. Fleire enn ti fiskarar oppfylte vilkåra for nytildeling.

Søkjarar med utdanning i kombinasjon med fartstid vart prioriterte.

Siste nytt