Fisk må prioriterast i Brexit-forhandlingane

Publisert: av Line Dale Nilsson

Gerard von Balsfort, president i Pelagic Freezer-trawler Assosiation, seier at det ikkje er ønske om eigne fiskeirforhandlingar i samband med Brexit. Men han held fast ved at fisk må prioriterast og bli ein sentral del av forhandlingane.

Dette skriver Fiskebåt.

Balsfort deltar på Solstrandseminaret nettopp for å snakke om korleis fiskeriinteressene i EU førebur seg på at Storbritannia er på veg ut av EU.

Tyngdepunkt
EU-landa utgjer eit stort tyngdepunkt innan fiskeri, så endringar vil det bli nå Storbritannia som ein stor fiskerinasjon går ut av EU.

Balsfort viser til at dei gjenverande fiskerinasjonane i EU har slått seg saman.

- Vi er godt organisert og samkøyrte og reknar med å bli høyrt i forhandlingane. I hovudtrekk handlar dette om tilgang til fisken og dei samla kvotene for forskjellige fiskeslag, seier Balsfort.

Felles allianse
Han viser til at ni av EU-landa, Belgia, Danmark, Frankrike, Tyskland, Irland, Nederland, Polen, Spania og Sverige, har slått seg saman for å skape ein felles allianse i forhold til Brexit-forhandlingane.

I dag deler EU landa 110 forskjellige totalkvotar (TAC).

- Det vil bli eit enormt arbeid å fordele alt dette, så det blir arbeidskrevande. Forhandlingane om fisken startar allereie i september, og eg meiner vi er godt budde på det som kjem, seier Balsfort.

 

Siste nytt