Island har satt loddekvote på 57 000 tonn for 2017. Av dette får Norge hele 42 000 tonn

Publisert: av Roar Bjånesøy

Island får 81 prosent av totalkvota, medan Grønland skal ha 11 prosent og Norge åtte prosent, som følgje av loddeavtalen, skriv fiskebat.no.

Samla sett får Norge likevel ein langt større del av totalkvoten, blant anna som følgje av Smutthullavtalen.

Lodde mot torsk
Avtalen går ut på at Island bytar til seg torsk mot lodde. I tillegg skal Norge ha lodde frå EU, som følgje av avtalen. Dette er lodde som EU får øverført frå Grønland. Denne lodda har EU brukt å byte med Norge, skriv Fiskebåt

Norge vil dermed kunne fiske til saman 42000 tonn, som er ein vesentleg del av totalkvota som er fastsett for 2017.

Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt, seier i ein kommentar at det er positivt at vi får eit loddefiske. Det gjer at vi får ein balanse i byteforholdet mellom Island og Norge, og Norge og EU. Dette føreset at EU får overført Grønland sin andel av totalkvota. I tillegg er det positivt at ein kan få betjent marknaden for konsumlodde, ifølgje Maråk.

- Eg har tatt opp med Islandsk industri, om det er mogleg å forlenge det norske fisket ut over 22. februar, og om det er mogleg å kunne fiske sør om 64.30-breiddegrad. Dette for å kunne levere mest mogleg av lodda til konsum. Dette ville dei drøfte internt på Island, før dei gir ei tilbakemelding, seier Maråk.

Siste nytt