Regulering av fisket etter norsk vårgytande sild (nvg) i 2017

Publisert: av Roar Bjånesøy

Den norske totalkvoten er på 432.870 tonn. Av dette kvantumet er det sett av 1.005 tonn til forskings- og undervisningskvote, 225 tonn til rekrutteringskvoteordninga og 500 tonn til agn.

Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild (nvg) i 2017. Den norske totalkvoten er på 432.870 tonn. Av dette kvantumet er det sett av 1.005 tonn til forskings- og undervisningskvote, 225 tonn til rekrutteringskvoteordninga og 500 tonn til agn.

Som ei prøveordning for 2017 blir avsetninga på 2.000 tonn i open gruppe gjort om til ei gruppekvote på 4.000 tonn. Dette korresponderer med det reelle uttaket som har vore dei seinare åra. Prøveordninga skal evaluerast i reguleringsmøtet hausten 2017.

Fartøy med adgang til å delta i open gruppe med landnot og garn kan dermed fiske og lande følgande kvanta norsk vårgytande sild:
Fartøyets største lengde                 Kvotefaktor        Fartøykvote                   

Fartøy under 7 m                                1,31             7,99

Fartøy 7,0 -7,99 m                              1,97           12,02

Fartøy 8,0 -8,99 m                               2,6           15,98

Fartøy 9,0-9,99 m                               3,93           23,97

Fartøy 10,0-10,99 m                           4,59           28,00

Fartøy 11,0-11,99 m                           5,24           31,96

Fartøy 12,0-12,99 m                           5,90           35,99

Fartøy 13,0-13,99 m                           6,55           39,96

Fartøy 14,0 m og over                         7,86           47,95


Forskrift om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild (nvg) i 2017

Siste nytt