Rekordhøy fangstverdi for fiskerne

Publisert: av Roar Bjånesøy

Norske båtar leverte fisk, reker, skaldyr og skjel til ein førstehandsverdi på rekordhøge 18,2 milliardar kroner i 2016. Denne auka på 8 prosent frå året før fant stad sjølv om fangstmengda var den lågaste på 25 år, skriv SSB ( Statistisk Sentralbyrå)

Totalt var fangstmengda til norske båtar av fisk, reker, skaldyr og skjel i 2016 på 2 millionar tonn, 12 prosent mindre enn året før. Den største delen av fangsten, 70 prosent, gjekk til konsum, medan 30 prosent gjekk til industriell produksjon av fiskemjøl, olje og fôr.

Torskefisket mest verdifullt

Fangstmengda for torsk minka med 3 prosent frå 2015 til 2016, medan førstehandsverdien auka med 8 prosent, til 6,2 milliardar kroner. Fangsten av torsk utgjorde 20 prosent av total fangstmengd og 34 prosent av total førstehandsverdi, og er det viktigaste fisket målt i både mengd og verdi.

Førstehandsverdien for makrell var 2,4 milliardar kroner i 2016, ei auke på 20 prosent frå 2015. I same periode minka fangstmengda med 13 prosent.

Auka fangst av sild

I 2016 blei det fiska 351 800 tonn sild. Dette er 12 prosent meir enn året før. Førstehandsverdien auka med 32 prosent frå 2015 til 2016, til 2,4 milliardar kroner. Sildefangsten utgjorde 17 prosent av total fangstmengd og 13 prosent av total førstehandsverdi i 2016.

Nedgang i kolmulefangsten

Det blei fiska 310 400 tonn kolmule til ein førstehandsverdi på 837 millionar kroner i 2016. Samanlikna med 2015 er dette ein nedgang på 9 prosent i førstehandsverdien og 37 prosent i fangstmengda. Kolmulefangsten utgjorde 15 prosent av den samla fangstmengda i 2016.

Mindre fangst av antarktisk krill

Samlegruppa "andre skaldyr og blautdyr" inneheld hovudsakleg antarktisk krill. Frå 2015 til 2016 gjekk fangstmengda og førstehandsverdien ned med respektive 6 og 22 prosent. Denne gruppa utgjorde 9 prosent av total fangstmengd i 2016.

Utanlandske landingar til 3,7 milliardar kroner

Utanlandske fartøy leverte 384 300 tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2016. Verdien av dei utanlandske landingane var 3,7 milliardar kroner.

Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet per 4. januar 2017, og gjeld fangsten i 2016. Ein liten del av fangsten er enno ikkje omsett.


Finn fleire tall hos SSB her: 

Siste nytt