Kvoterådene klare for 2024
Rådet går opp for kolmule, mye ned for sild og litt ned for makrell. Det blir igjen nullfiske på hestmakrell i 2024
Havforskingsinstituttet skal i gang med ei omfattande kartlegging av fritidsfisket her til lands. I første omgang er det tre regionar som blir dekte: Oslofjorden, Hordaland og Nord Noreg
Dette skriv Havforskninga:
Målet er å få gode estimat for uttaket i fritidsfisket av viktige kystnære bestandar, og skaffa kunnskap om økosystemeffektar og sosioøkonomiske sider av fisket. Prosjektet blir ein viktig del av den generelle opptrappinga på kystforsking som skjer på Havforskingsinstituttet.
Fleire fagfelt, avansert metodikk
- Vi kjem til å kombinera fleire avanserte metodar for å få tak i den naudsynte informasjonen, fortel Jon Helge Vølstad. Han leiar forskingsgruppe fiskeridynamikk på Havforskingsinstituttet og er prosjektleiar for fritidsfiske-kartlegginga. I tillegg til vel 7 millionar frå Forskingsrådet, har prosjektet finansiering internt og frå Fiskeridirektoratet. Sjå nasjonale og internasjonale samarbeidspartar i boks til høgre på sida.
Veit svært lite
Det er ikkje noko lite arbeid Vølstad og kollegaene hans gjev seg i kast med. Noreg er det landet med høgast deltaking i fritidsfisket i høve til folketalet, og i tillegg kjem det mange frå nabolanda for å fiska langs norskekysten. For fritidsfiskarane er det ikkje krav om fiskekort eller småbåtregister, og dermed manglar det bakgrunnsinformasjon som kan brukast til å estimera uttaket av dei ulike bestandane.
Fritidsfisket er underlagt nokre reguleringar - blant anna minstemål på ein del artar og sesongfiske på hummar. Vølstad påpeikar at vi likevel har eit liberalt regelverk. Det er lov å fiska med effektive fangstreiskapar som garn og jukse, og fritidsfiskarane kan selja fangsten sin. Slik praksis er utenkjeleg i land som USA og New Zealand, seier Vølstad.
Toppa lag
Nettopp USA og New Zealand er blant landa som deltek med forskarar i det store fritidsfiskeprosjektet. Saman med Australia er desse landa komne lengst i kartlegging og regulering av fritidsfisket.
- I desse landa er det gjort solide undersøkingar og etablert system for overvaking av fritidsfisket. Dei praktiserer også omfattande nasjonale reguleringar som til dømes sesongfiske, tak på fangsten (i tal) og andre restriksjonar. Vi har verkeleg toppa laget til dette prosjektet, sier Jon Helge Vølstad.
Kulturell og økonomisk tyding
Tidlegare har Havforskingsinstituttet undersøkt kor mange turistfiskarar (som er eit segment i fritidsfisket) det er i Noreg. Det er også estimert kor mykje torsk turistfiskarane i Nord Noreg tar kvart år, og mykje arbeid er gjort på hummarfisket. Slik har instituttet opparbeida seg høg kompetanse på feltet og gode nettverk. Dette blir viktig når ein langt større del av fritidsfisket skal under lupa dei neste tre åra.
- Vi veit at fritidsfisket er meir enn matauk og hobby - det er også viktig sosialt og økonomisk. Å kunna fiska sin eigen middagsmat står sterkt i norsk kultur. Derfor har vi med oss samfunnsvitarar og statistikarar, og kjem til å leggja stor vekt på informasjonsarbeid og god dialog med interesseorganisasjonane, seier Vølstad.
Viktig melding til våre kjøpere:
Fiskeridirektøren har besluttet å gjøre følgende justeringer i maksimalkvoten for fartøy som fisker med not i etter makrellstørje:
Fiskeridirektøren har besluttet å gjøre følgende justeringer for beregning av norske fartøys
maksimalkvote i britisk sone:
Garna tilsvarer 37 000 meter som nå er tatt opp og fjernet fra havbunnen i løpet Fiskeridirektoratets opprenskingstokt som nylig er gjennomført
Makrellen står fortsatt spredt både i havet og på kysten.
Følgende minstepriser gjelder med virkning fra mandag 25.09.23: