Fiskets gang uke 49
Rolig uke for den pelagiske flåten da de fleste er ferdige med kvotene for i år.
Havforsker og toktleder Leif Nøttstad gjør sine betraktninger om årets økosystemtokt på makrell.
Makrell- og økosystemtoktet i Norskehavet er eit samarbeid mellom Island, Grønland, Færøyane og Norge. Fem skip trålar etter sild, kolmule og viktigast av alt, makrellen. Det overordna formålet er å anslå størrelsen på bestandane, slik at havforskarane kan gi råd om kor mykje det er berekraftig å fiske. Tråltoktet har tiårsjubileum i år. Dette skriver Havforskningen.
– I løpet av tiårsperioden ser vi at norsk vårgytande sild har gått noko tilbake, kolmule har gått opp og ned, mens makrellbestanden har eksplodert i både mengde og utbreiing. Makrellen finn du no frå Afrika i sør til Svalbard i Nord, fortel toktleiar Leif Nøttestad.
Når nye område
Han forklarar at det ikkje først og fremst er havtemperatur makrellen følger, men mat.
– Med ein stor bestand, søker makrellen stadig nye beiteområde. Han føretrekk raudåte, men har brei diett. Dette gjer han veldig robust, seier Nøttestad.
Overvakinga må halde tritt. Dei fem båtane skal tråle på mellom 300 og 400 forhandsbestemte punkt i Nordaustatlanteren. Alle brukar dei ein identisk MULTPELT-trål som er spesialdesigna for formålet. Norge deltar med dei innleigde fiskebåtane «Kings Bay» og «Vendla».
Slepp unna ekkoloddet, men ikkje trålen
Kolmule- og sildestimane kan forskarane sjå på ekkolodd. Dei akustiske bilda brukar dei for å anslå mengda fisk. Trålfangsten blir brukt for å dele fisken inn i vekt og årsklasse. Akustiske undersøkingar nyttar ikkje for makrellen. Om sommaren går han ikkje i tette stimar, men spreiar seg ut på jakt etter livretten, raudåte.
makrell
– Sommaren er med andre ord ei dårleg tid å fiske etter makrellen, men ei god tid å forske på han. Trålhala våre gir representative prøver, forklarar Nøttestad.
For å anslå kor mange tonn makrell som svømmer i havet, er det altså trålen som er hovudreiskap. Forskarane trålar i overflata, ned til 35 meters djup. I dette laget er det lys, varme og stabilisering av vannmassane. Her samlar maten seg, og det veit makrellen.
Er spent på 2014-modellane
Like før årets tokt går i gang, testar «Kings Bay» at utstyret verkar som det skal i Bjørnefjorden. Ein spent Leif Nøttestad held oppsyn med første trålhal.
– Vi trur 2014-makrellen er ein knallsterk årsklasse. Den er no gytefisk, og kjem dermed for første gong inn i det vi målar, nemleg gytebestanden. Eg gler meg til å sjå kva utslag årsklassen vil gjere for bestanden, forklarar han.
For å få i seg de ulike næringsstoffene som finnes i sjømat kan man spise ulike typer fisk og sjømat. Og ofte er det ikke så mye som skal til.
To av tre prøver blir levert til Havforskningsinstituttet.
Hvorfor er det så lite sild i fjordene på Møre? Og er silda i sunnmørsfjordene lokale varianter?
10.januar arrangeres Pelagisk Arena på Scandic Parken hotel i Ålesund.
Siden 2020 har antall jenter som søker blå linjer økt med over 50%, fra 185 til 290.
Fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth vil presentere «kvotemelding 2.0» i Tromsø 12.januar.