Fisk i Nordsjøen flytter mot nordaust

Publisert: av Roar Bjånesøy

Fiskemengdene i Nordsjøen har minka jevnt og trutt de siste femti årene. Samtidig har de lokale fiskebestandane flytta seg nord og austover

Dette skriver Havforskningen:

Det har også komme inn nye artar, seier havforskar Svein Sundby fra Havforskningsinstituttet  Alt dette har ført til at ein aukande del av dei kommersielle fiskeslaga no held til i den norske delen av Nordsjøen.

( sjå hele saken og video og bilder om fiskevandringen her: )

Havforskingsinstituttet har nyleg publisert den såkalla Kino-rapporten (Kino: KunnskapsInnhenting i Nordsjøen), ein rapport som i utgangpunktet blei laga for auke kunnskapen om gyteområda til ulike fiskeslag i Nordsjøen

– Arbeidet med rapporten har gitt oss mange fleire detaljer om gytefelta. Samstundes har arbeidet gitt oss betre oversikt over utbreiinga til dei ulike fiskeartane og endringane over tid i Nordsjøen. Mønsteret er klart – dei siste 40 – 50 åra har artane flytta seg nordaustover, noko som fører til at ein større del av dei kommersielle artane har flytta inn i den norske delen av Nordsjøen. I tillegg har nye artar etablert seg i dette området, seier Sundby.


I alt er det rundt 140 fiskeartar i Nordsjøen, men nærare 80 % av dei kommersielle fangstane er frå ti av dei (tobis, sild, brisling, makrell, torsk, hyse, sei, kviting, augepål og raudspette). Dei siste 20 % av fangstane er fordelt på eit stort spekter av ulike fiskeartar.

To inngangar

Blant nykommarane finn ein kommersielle artar som lysing, sardinar og ansjos. Dei har komme inn i Nordsjøen via to inngangar. I sør har sardinar og ansjos flytta seg inn i Nordsjøen via Den engelske kanalen. Frå områda vest av Irland har både sardinar og lysing funne vegen nord for Dei britiske øyane og inn i Nordsjøen.

– Lysingen er i ferd med å bli den nye torsken i Nordsjøen, og bestanden er i rask vekst, seier Sundby.

Mot nordaust

Også fiskeslaga som tradisjonelt har vore fiska i Nordsjøen er i ferd med å flytte på seg.

– Vi ser at torskefiskar (gadoidar) som torsk, hyse, sei, kviting og augepål har endra utbreiing og at det har blitt mindre av desse fiskeslaga i britisk sektor og meir i den norske økonomiske sonen, seier Sundby.

Kino-prosjektet, som blei avslutta i vår, sikta mot å auke kunnskapen om gyteområda i Nordsjøen, gyteåtferda til dei ulike fiskeartane og når på året gytinga skjer. Prosjektet starta i 2014 og blei betalt av Statoil.

Siste nytt