NOx-avtalen fornyet med 8 år

Publisert: av Roar Bjånesøy

NOx-avtalen er fornya for ein periode på åtte år (2018 – 2025). Dei to første NOx-avtalane har vore ein viktig pådrivar for å redusere utslepp av skadelige nitrogenoksider (NOx) frå næringslivet

Dette skriver Fiskebåt på sine nettsider:

Avtalane har bidrege sterkt til at Norge har nådd sine utsleppskrav for NOx i forhold til Gøteborg-protokollen om langtransportert luftforureining.

Den fornya avtalen bygger på dei same prinsippa som avtalene som har vore gjeldande i 2008 – 2017. Unntaket er at den nye avtalen er formulert som eit kollektivt NOx-utsleppstak som næringslivet må halde seg under, uavhengig av aktivitetsendringar, mens dagens avtale krev årlige NOx-reduksjonar. I korte trekk gir avtalen fritak for NOx-avgift mot at næringa oppfyller miljømålet om reduserte utslepp av NOx. Dette inneber eit avgiftsfritak på om lag to milliardar kroner årleg, der om lag halvparten omfattar olje- og gassnæringa.

- NOx-avtalen har vore ein viktig pådrivar for å styre fiskeflåten i ei meir miljøvenleg retning, og stimulere til å innføre meir miljøvennleg teknologi. Vi driv i ei evigvarande næring, og har eit stort miljøengasjement i alt vi foretek oss, seier Jan Ivar Maråk, assisterande direktør i Fiskebåt, og nestleiar i styret for NOx-fondet.

NOx-avtalen har så langt ført til ein reduksjon av utsleppa med meir enn 30.000 tonn sidan 2008, eller omtrent 20 prosent av dagens NOx-utslepp i Norge. Fiskeflåten har vore ein vesentleg bidragsytar til dette.

Ler mer om saken på fiskebat.no her. 

Les hva Fiskarlaget skriver om NOx her: 


Siste nytt