Kongelig makrell i havet

Publisert: av Roar Bjånesøy

Sidan 2011 er over 250 000 makrellar merkte elektronisk og sleppt ut igjen i havet. Torsdag sørgde kong Harald og det islandske presidentparet for at ytterlegare tre makrellar reiser på datainnsamling i forskingas namn.

Det var i høve det islandske statsbesøket til Noreg, at kong Harald, Islands president Guðni Jóhannesson og ektefellen Eliza Reid fekk demonstrert RFID-merking av makrell på Norsk Havlaboratorium på Marineholmen, skriver Havforskningen.

«Gamal» metode for bestandsberekning

RFID står for radiofrekvens-identifikasjon. Merke-gjenfangst-metoden med RFID-teknologi er utvikla på Havforskingsinstituttet, og har vore i bruk sidan 2011 (sjå heile merkeprosessen i biletserie nedst i saka). Frå i år av er data frå desse tidsseriane med i bestandsberekningane som ligg til grunn for kvoterådet for makrellbestanden.

Norges Sildesalgslag har vært med på å finansiere RFID merkeprosjektet og håper at gjenfangsten av merket makrell kan bli et viktig bidrag i bestandsestimering. Så håper vi den kongelige og de to presidentpar-merka makrellene blir fanget en gang i fremtiden.

– Merke-gjenfangst-metoden blir ofte tenkt på som eit mål på vandring – og ikkje til bestandsberekningar, men faktisk er det ein av dei eldste metodane vi har for bestandsberekning. Tidlegare blei det brukt stålmerke, som måtte takast ut av fisken. I dag passerer fisken under ein RFID-lesar som registrerer data frå merket og automatisk overfører dei til ein database på Havforskingsinstituttet, forklarar forskar Aril Slotte. Han leiar faggruppe pelagisk fisk på Havforskingsinstituttet, og har vore sentral i utviklinga av RFID-metodikken.

Avansert matematikk

Det er ikkje gjort i ei handvending å forklara dei avanserte bestandsberekningane som ligg til grunn for kvoteråda. Data frå RFID-merkinga må også bearbeidast før dei kan gå inn i berekningane.

– Vi legg til grunn at etter ein viss merkedødelighet, så overlever fisken frå eit merkeforsøk like bra som fisk som ikkje er merkt. Kort fortald betyr det at ut frå gitte tal på merkt, skanna og gjenfanga fisk, så kan vi berekna bestandsstorleiken i utsettingsåret, forklarar Aril Slotte.


Blir viktig for rådgjevinga

Makrellen har ei økologisk nøkkelrolle i fleire kyst- og havområde i Nordøst-Atlanteren, og vert rekna som den kommersielt mest verdfulle bestanden i Atlanterhavet. Kunnskapsgrunnlaget og rådgivinga for makrellen var tidlegare karakterisert som mangelfull. Dei siste åra har spesielt Noreg satsa på storskala forsking og metodeutvikling for å sikre betre mengdemålingar. I tillegg til merke-gjenfangst-metoden, har Havforskingsinstituttet også gått i bresjen for ein trålindeks i Norskehavet som er utvikla saman med forskare frå Island og Færøyane

– No som begge desse dataseriane er inkluderte i mengdemålingane, så har vi eit betre grunnlag for å vurdera bestandsstorleiken og gje berekraftige makrellråd. Metodane og teknologien vi har utvikla kan dessutan vera av interesse for andre land og andre fiskebestandar. Blant anna har vi no begynt å merka norsk vårgytande sild, seier Aril Slotte.

Sjå fleire foto frå besøket her.  

Siste nytt