Avtale mellom Norge og Færøyene i boks

Publisert: av Camilla Klævold

Norge og Færøyene er enige om kvoteavtale for fisket i 2019, vi får blant annet fiske 30 000 tonn av kolmulekvoten i deres farvann

- Avtalen med Færøyane gir sikkerheit for norske fiskarar. Det var derfor viktig at vi også for 2019 fekk på plass ein avtale, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik. 

Fiskeriavtalen gir norske fiskarar ein kvote på 2 300 tonn lange/blålange, 1 921 tonn brosme, 100 tonn sei og 800 tonn andre artar som bifangst. Noreg har også fått ein makrellkvote på 5 979 tonn. Denne kan fiskast både i færøyske farvatn, norsk økonomisk sone og internasjonalt farvatn. Samtidig får Færøyane ein kvote på 4 610 tonn torsk, 1 075 tonn hyse, 500 tonn sei og 400 tonn andre artar som bifangst i norsk økonomisk sone. 

I tillegg til desse kvotane, kan færøyske fartøy fiske opp til 3 450 tonn torsk og 300 tonn hyse, som dei har fått gjennom byteavtalen sin med Russland. Norske fartøy kan fiske opp til 30 000 tonn av den norske kolmulekvoten for 2019 i færøyske farvatn.


Les protokollen fra møtet her:

Siste nytt