Har du sett ungmakrellen?

Publisert: av Camilla Klævold

Havforskningsinstituttet vil ha din hjelp til å kartlegge makrellens reise

For første gong skal havforskarane kartlegge dietten til ungmakrellen, piren, langs norskekysten.

Kva står på menyen til piren?
Dei store spørsmåla er om, kva og kor mykje ungmakrellen et når dei sym og oppheld seg langs kysten, kva er livretten i ulike områder, og er den ein konkurrent i matfatet for andre artar?

– Når vi finn ut meir av dette, kan vi vidare diskutere kva konsekvensar det kan få, når vi veit at makrellen går lengre nordover enn tidlegare, seier masterstudent Vilde Regine Bjørdal til Havforskningsinstitutet.

Ber folk melde inn sine observasjonar
Havforskarane ber difor både profesjonelle og hobbyfiskarar langs heile kysten melde i frå om observasjonar som vert gjort.

Kvart år reiser HI ut på ei rekke tokt for å kartlegge utbreiing, storleik og aldersfordeling på ei rekke fiskebestandar, deriblant makrell.

Men forskingsfartøya kan ikkje få med seg alt overalt. Pir er ikkje alltid ei målsetnad for HI å fange opp på tokt, dei minste individa kan smette unna frå trålen på grunn av maskevidda.

– Det er ekstra interessant med observasjonar gjort nord for Vestlandet der pir er meir uvanleg, fortel ho. 

Her kan observasjonene meldes:

Les mer her:

Siste nytt