Et stadig viktigere sjømatmarked

Publisert: av Roar Bjånesøy

Sør-Korea vokser som et viktig marked for norsk sjømat. I oktober drar fiskeriminister  Harald T. Nesvik til landet for å bidra til å øke posisjonen til Norge

Sør-Korea har i løpet av dei siste åra utvikla seg til å bli ein viktig eksportmarknad for norsk sjømat. I 2018 eksporterte Noreg sjømat til Sør-Korea for 2,7 milliardar kroner, ein vekst på 15 prosent frå 2017.

– Eg ser fram til å besøke Sør-Korea, for å bidra til å gjere norsk sjømat meir synleg og sterkare posisjonert. Sjølv om eksporten har auka betydeleg dei siste åra, utgjer norsk sjømat berre 1,4 prosent av den totale marknaden, seier Nesvik.

Så langt i år har Sør-Korea importert over 13 300 tonn norsk makrell, opp fra 8 800 tonn på samme tid i 2018. I hele 2018 ble det importert rundt 27 000 tonn til en verdi på over 420 millioner kroner.

Interessa for Sør-Korea er stor blant norske aktørar, og det er sterk interesse for norsk sjømat i koreansk verdikjede. I løpet av besøket vil fiskeriministeren delta på næringslivsseminar, ha politiske samtaler og besøke bedrifter.

– Den store marknaden kombinert med eit auka konsum gjer at potensialet framleis er stort. Difor vil eg leggje vekt på mogelegheitene for norsk sjømat og generell omdømebygging, både gjennom kontakt med myndigheitene og næringa, seier fiskeriministeren.


Fakta Noreg og Sør-Korea
Varehandelen mellom Noreg og Sør-Korea har auka kraftig siste ti åra, frå 15 milliardar kroner i 2008 til nærmare 28 milliardar kroner i 2018. Sør-Korea er i dag ein av Noregs viktigaste handelspartnerar i Asia.

Sør-Korea har på kort tid gått frå ein perifer marknad til å bli Noregs nest største marknad for sjømat i Asia. Sidan 2010 er eksportvolumet av sjømat meir enn dobla og eksportverdien femdobla.

Veksten i sjømateksporten følgjer blant anna nedtrapping i tollsatsar, som følgje av frihandelsavtala mellom Sør-Korea og EFTA frå 2006. Etterspurnaden er spesielt stor etter norsk laks, makrell og kongekrabbe.

Rundt 70 norske bedrifter er representert i Sør-Korea, kor 49 er bedrifter innan maritime næringar og petroleum.

Siste nytt