Regulering av makrellfisket i 2020

Publisert: av Roar Bjånesøy

I tråd med kyststatavtalen på makrell og etter bytter får Norge en makrellkvote på 213 880 tonn i 2020

Noreg, EU og Færøyane inngikk 17. oktober ein avtale om ein totalkvote (TAC) på 922 064 tonn makrell for 2020. Kvoten blir fordelt i samsvar med rammeavtalen frå 2014, og etter bytter gir det ein kvote på 213 880 tonn til Noreg.

Dette skriver departementet

Av den norske delen er det sett av 1 125 tonn til forskings- og undervisningsføremål, 1 300 tonn til agn og 513 tonn til rekrutteringsføremål.

Ny prøveordning

Nytt av året er at departementet no innfører ei ny prøveordning på makrell. Frå neste år av skal overfiske ut over kvotefleksibilitetsordninga ( ut over 110 %) no belastast på fartøynivå i staden for på gruppenivå. Basert på resultata frå ordninga vil departementet også vurdere å utvide ordninga til å også gjelde nvg-sild frå neste år av.

Ut over det blir reguleringa for 2020 i hovudsak ei vidareføring av reguleringa frå 2019.

Den nye reguleringsmodellen for kystgruppa, som blei innført no i år, blir vidareført utan endringar. Departementet opnar likevel for at det kan kome mindre justeringar av ordninga dersom det viser seg naudsynt. Dette vil bli klart på nyåret etter at Fiskeridirektoratet og næringa har hatt ein gjennomgang av ordninga.

Se Forskriften her: 

Siste nytt