Ny jobb?

Publisert: av Camilla Klævold

Fiskarlaget søker rådgiver til Fiskarlaget Vest og Fiskarlaget Møre og Romsdal

Kontorene i Bergen og Ålesund innleder et samarbeid dem i mellom og ser etter en nye rådgiver.

Dei to stillingane er begge rådgjevarstillingar. Les detaljar om stillingane i dei vedlagde linkane (under).

Dei daglege leiarane i laga opplyser at arbeidsoppgåvene for dei nye stillingane er koordinert og at dei to regionlaga i Norges Fiskarlag no også innleier eit tettare samarbeid for kontora.

Målsettinga er at ein vil utfylle kvarandre og jobbe for medlemane i begge regionane. Me ser fram til å få to sjølvstendige, omgjengelege, samvitsfulle kollegaer, som skal jobba saman med oss for yrkesfiskarane.

Det uttalar dei to daglege leiarane i ei felles uttale knytt til utlysinga.

Søkjarar blir bedne om å sjå utlysingane for vidare kontakt. Søknadsfrist er sett til 10. mars for begge stillingane:


- Informasjon med link for å søke på stillinga i Bergen
- Informasjon med link for å søke på stillinga i Ålesund


For andre spørsmål, kontakt:

- Dagleg leiar i Fiskarlaget Vest, Britt Sæle Instebø, 45 47 63 60
- Dagleg leiar i Møre og Romsdal Fiskarlag, Ole Morten Sorthe, 91 83 71 67

Siste nytt