HI fraråder havvind

Publisert: av Camilla Klævold

Havforskningsinstituttet anbefaler å ikke åpne opp for havvind i sårbare områder hvor lodde og tobis gyter

Dette melder HI på sine sider. Regjeringa har sendt på høyring eit forslag om å opne havområda Utsira Nord vest for Haugesund og Sandskallen–Sørøya Nord utanfor Hammerfest. I tillegg ber dei om innspel på området Sørlege Nordsjø II.

Dette er dei viktigaste punkta i høyringssvaret frå Havforskingsinstituttet (HI):

- Sandskallen–Sørøya bør ikkje opnast for utbygging. Området ligg inntil eit av verdas nordlegaste registrerte korallrev, og innanfor gyteområda for lodde og gytevandringsområde for torsk.
- Utsira Nord er berre eigna for flytande vindkraftanlegg på grunn av djupna. HI har ikkje innvendingar mot å opne dette området.
- Sørlege Nordsjø II overlappar delvis med gytefelt for tobis. HI rår frå utbygging i konfliktområda, men har ikkje innvendingar mot å opne resten av området.

Treng kunnskap om konsekvensar
– Vi er positive til at ein kan produsere fornybar energi frå havet, men det er viktig å vite korleis slike anlegg påverkar det marine miljøet, slik at vi kan minimere eventuelle utilsikta konsekvensar, seier Geir Lasse Taranger, forskingsdirektør for akvakultur, miljø og teknologi ved HI.

– Vi veit ein del i dag, men treng meir kunnskap for å sikre berekraftig bruk av havet. Vi tilrår difor fleire effektstudiar og detaljert kartlegging av områda som blir føreslått opna, samt overvaking av miljøpåverknaden både før, under og etter ei eventuell utbygging, seier Taranger.

Les hele høringssvaret til HI her:

Siste nytt