Praksis ved dispensasjon fra oppmalingsforbudet i Høstingsforskriftens § 53
Norges Sildesalgslag vil med virkning fra 01.02.2023 innskjerpe Lagets praksis ved dispensasjon fra oppmalingsforbudet i Høstingsforskriften § 53
En sterk 2016-årsklasse drar opp rådet for dei sørlige tobisfeltene. Endelig kvoteråd for 2020 kjem i midten av mai etter bestandstoktet da
Dette melder Havforskningen
– Hovudbildet er at gytebestanden er i god tilstand med fleire sterke årsklassar. 2016-årsklassen er den mest talrike vi har målt i toktserien og truleg den sterkaste sidan 1996. Vi ventar at desse fireåringane vil bidra sterkt i årets fiskeri, seier bestandsansvarleg Espen Johnsen på instituttets hjemmesider.
Også tobisane som klekte i 2019 ser lovande ut. Derfor kan forskarane no rå til ei førebels kvote på opptil 70 000 tonn. Etter ei ny bestandsmåling kjem endeleg kvoteråd i midten av mai.
Framleis kritisk i nordlege felt
Som i fjor er det dei sørlege tobisfelta i norsk sone som husar mykje fisk.
I dei nordlege delane av felta AlbjørnLing, Nordgyden og heile Vikingbanken lengst nord er bestanden låg. Det har den vore lenge.
– Vikingbanken har vore stengt for fiske sidan 2000-talet, og rekrutteringa har vore dårleg sidan 1995. Vi rår til at dei kritiske områda blir verande stengde, seier Johnsen.
Det er fordi tobisane lever dels nedgravne i sandbotn at bestanden deler seg såpass tydeleg inn på avgrensa område i havet. Etter at yngelen slår seg ned på botnen, held dei seg på sandbankane sine.
Meiner norsk forsking og forvalting har ære for lysare tobis-tider
Det internasjonale havforskingsrådet ICES gir eit kvoteråd for tobis i heile Nordsjøen. Men norske myndigheiter har valt å følge ein eigen modell for norsk sone, med kvote per tobisbanke, i tråd med fisken sin spesielle biologi.
– Det ser ut som vi saman med Nærings- og fiskeridepartementet har knekt ein kode for å gjenoppbygge tobisbestanden i norsk sone, seier Espen Johnsen.
– Nøkkelen er gode tokt, gode data frå fiskeflåten og områdebasert forvaltning som hindrar for stort lokalt fisketrykk, fortset han.
Det å få spreidd bestanden over eit større område ser også ut til å gi betre rekruttering.
Les resten av saken HER, inkludert link til rapporten bak kvoterådet
Det inviteres til DIGITALT MØTE om årets loddesesong fredag 27 januar klokka 11:00-12:00 for aktører som er involvert i årets loddefiskerier
Noe dårlig vær denne uken, men jevnt sig på NVG-silda og gode makrellfangster
Fra mandag 23.01.2023 gjelder følgende minstepriser for NVG-sild til konsum
Følgende minstepriser gjelder med virkning fra mandag 23.01.2023:
Fra mandag 23.01.23 gjelder følgende priser for råstoff til mel- og oljeanvendelse:
Oppdaterte omsetningsbestemmelser for råstoff til fiskemel og -olje finner du her: