Mener raudåtefiske er bærekraftig

Publisert: av Roar Bjånesøy

Forskere ved HI fant ingen negative konsekvenser då dei simulerte konsekvenser av raudåtefiske i Norskehavet

Dette skriver HI på sine nettsider om modelleringen deres av raudåtefisket.

For å sjå om og korleis økosystemet i Norskehavet blir påverka av fisket etter raudåta, brukte forskarane ein avansert modell av økosystemet. 

– Vi hadde med raudåte, sild og ikkje minst fiskebåtar som «gjekk» rundt i modellen vår og fiska, fortel HI-forskar Cecilie Hansen på HIs nettsider. 

Fiskebåtane i modellen blei tildelt to ulike typar «oppførsel»; den eine typen var fartøy som fiska like effektivt som fartøya gjer i røynda i dag. Den andre typen fartøy vart utrusta med fullstendig innsikt i korleis raudåta fordeler seg i havområdet – dei var «perfekt opplyste» og blei gitt optimale forhold for fisket heile vegen.  

– Det gjorde vi for å ta høgde for eit meir effektivt fiskeri i framtida. I dag er fiskeriet ikkje i nærleiken å fiska opp heile kvota, forklarar Hansen. 

I dag er raudåtefisket regulert slik at brorparten av kvota må fiskast på djupare vatn enn 1000 meter. Mellom grunnlinja og 1000 meter djup kan ein berre fangsta 3000 tonn.

Dette grunna auka sjanse for innslag av yngel, egg og larvar frå andre arter i trålen, som til dømes sild.

– Dersom ein aukar kvota utover dei 3000 tonna i dei grunne områda, ser me derimot at fiskeriet får konsekvensar, både for raudåta sjølv og for silda, seier Hansen. 

– Held me oss innanfor dei 3000 tonna som er lov i dag, vil unngår me desse konsekvensane. 

Les mer om saken her

Siste nytt