Sild.....eller makrell

Publisert: av Roar Bjånesøy

Havforskerne bruker kunstig intelligens til å se forskjell på sild og makrell i trålen

Havforskarane har lært opp eit kunstig intelligent system til å telja og kjenna igjen arten på fisk som blir fotografert i trålen under vatn, skriver HI på sine nettsider.

– Automatisk gjenkjenning og teljing av fisk sparer oss for mykje tid og kjedeleg manuelt arbeid, seier forskar Vaneeda Allken ved Havforskingsinstituttet (HI).

Med hjelp av eit kamerasystem i trålen som fotograferer fangsten under fisket kan havforskarane få mykje informasjon som dei elles ikkje ville fått. Blant anna kan dei sjå kor i vassøyla eller trålbanen dei ulike fiskeslaga blir fanga i trålen.

Oppgåva til systemet var også å identifisera fisken på bilda, og seia om det var kolmule, sild, makrell, ein mesopelagisk fisk eller ei blanding av ulike artar. Systemet greier ikkje per i dag å skilja mellom dei mesopelagiske artane laksesild og lysprikkfisk.

Etter «treningsøkta» fekk maskinen bryna seg på eit nytt og ukjent bildesett frå ein trålfangst. Då klarte han å artsbestemma fangsten med ein presisjon på om lag 85 prosent.

Maskinen klarte også å telja kor mykje fisk det var i fangsten totalt.

les mer om saken her og se bilder fra forskningen her:

 

Siste nytt