Lurte silda

Publisert: av Roar Bjånesøy

Havforskarar lurte norsk vårgytande sild til å tru at det var haust når det eigentleg var vår

Og da endret silda gyteperiode. Dette skriv Havforkninga.

Kvart år i februar–mars kjem store mengder norsk vårgytande sild til kysten for å gyta. Mesteparten av silda i Nordsjøen, derimot, gyter om hausten.

Haust- og vårgytande sild er same art, men ulike populasjonar. Forskarane har funne nokre få markørar i genane som skil populasjonane.

Men kva er det eigentleg som gjer at den vårgytande silda gyter nettopp om våren? Og kva skal til for at gytetidspunktet endrar seg? Det er havforskarar no i ferd med å finna ut.

– Vi ønskte å testa om gytetida er påverka av daglengda, som aukar om våren og minkar om hausten, fortel forskar Florian Berg, som leia studien.

For å finna ut dette har Berg og kollegaene gjort eit eksperiment over tre og eit halvt år. Dei avla opp larvar av vårgytande sild i to like tankar:

  • I den eine tanken styrte dei lyset slik at det følgde den naturlege dagslysvariasjonen i havområdet utanfor Bergen der silda blei fanga.
  • I den andre tanken blei lysregimet forskove med seks månader – slik at «dagane» blei lenger i tanken parallelt med at dei blei kortare i naturen, og motsett.
  • Temperatur, mattilgang og andre miljøforhold var elles identisk i dei to tankane, slik at forskarane kunne studera effekten av berre variasjonen i lyset.


Les mer om resultatet fra forskerne her: 

Siste nytt