Nye forhandlinger i mai

Publisert: av Roar Bjånesøy

Det ble ingen enighet om fordeling og sonetilgang på makrell i møtene denne uken. Nye forsøk blir 10. - 11 mai.

Dette melder Fiskebåt:

Det var tidlegare denne veka at alle kyststatane (EU, Storbritannia, Norge, Færøyane, Island og Grønland) var samla i London for å forhandle om årets makrellfiske.

I møtet blei det lagt fram ein forskingsrapport om makrellbestanden si tilhørigheit i dei forskjellige økonomiske sonene og internasjonalt farvatn. Frå norsk side blei det spesielt peika på at sonetilhørigheita var det viktigaste fordelingskriteriet, i lag med at bestanden har fått større utbreiing og gyte- og oppvekstområde i norsk økonomisk sone.

 

Partane blei ikkje einige om ein avtale i denne runden, og vil møtast igjen 10. og 11. mai. 

- Truleg blir både sonetilgang, reguleringar og fordeling som i fjor. Noko anna vil vere overraskande, men vi kan håpe på meir framgang for 2023, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.

Maråk deltok den norske delegasjonen saman med blant andre styreleiar i Fiskebåt Jonny Berfjord og styreleiar i Fiskarlaget Kåre Heggebø.  For Sildelaget deltok senior rådgiver Roald Oen

Siste nytt