Kvoterådene klare for 2024
Rådet går opp for kolmule, mye ned for sild og litt ned for makrell. Det blir igjen nullfiske på hestmakrell i 2024
Under fjorårets økosystemtokt fann forskarane makrellyngel ved Nordkapp, men det er ikkje fordi havet har blitt varmare
Dette skriv HI: Makrellen har oppvekstområda sine hovudsakleg frå Biscayabukta til Nordsjøen. Men no er det dokumentert at makrellen også veks opp nord for Nordkapp.
– Det er ikkje fordi det har blitt varmare hav i nord, men heng saman med den eksplosive veksten i makrellbestanden mellom 2006 og 2014, seier havforskar Leif Nøttestad.
Bestanden nærmast tredobla seg på under ti år
Frå 2006 til 2014 auka makrellbestanden i Nordaust-Atlanteren frå 2,2 til 5,9 millionar tonn, ifølge forskarane sine berekningar. Nesten ei tredobling altså.
Varmere hav i same periode var truleg ein årsak til gode kår og bestandsvekst, men ikkje grunnen til å trekke nordover.
– Det var eigne plassbehov med intern kamp om maten som gjorde at makrellen blei nøydd å utvide beiteområdet i stor stil, seier Nøttestad.
Den vaksne makrellen la under seg heile Norskekysten og Norskehavet, så langt nord som til Svalbard.
– Sånn klimatisk er makrellen ein veldig fleksibel fisk. Han trivst godt i alt mellom 4 og 20 grader. Men som alle andre treng han mat for overleving og vekst, seier forskaren.
Begynte å gyte langs Norskekysten
Makrellen har tradisjonelt sett vore ein sommargjest på beitevandring i Norge. Han har hatt gyteområda sine lengre sør – vest av Dei britiske øyer. Men frå 2016 skjedde det noko.
– Makrellen tok til å gyte også i Norskehavet og langs Norskekysten opp til Stad. Samtidig begynte vi å observere mykje pir, altså ungmakrell, lengre nord enn før, fortel Nøttestad.
Den gong masterstudent, no forskingsteknikar, Vilde Regine Bjørdal begynte derfor å analysere innhaldet i magesekkane til pir fanga på forskingstokt i Nordlege farvatn. Ho finsorterte halvfordøydd mat frå 153 pir-magar.
Ein ny spelar i økosystemet
Makrellen sin nordlege utviding braut nye rekordar i fjor haust. Då fann forskarane makrellyngel ved Nordkapp under det årlege økosystemtoktet i Barentshavet.
Ungmakrell som etablerer seg på nye stader kan i teorien bety at det blir meir konkurranse om føda. Særleg for sild og annan makrell.
– Vi veit at kvar makrell gjekk ned i vekt i same periode som bestanden auka, og at det truleg blei mindre dyreplankton i havet i same periode. Men det er vanskeleg å slå fast om det eine har ført til det andre, seier Leif Nøttestad.
Les meir om kva makrellen et og kven den største matkonkurrenten er hos HI:
Viktig melding til våre kjøpere:
Fiskeridirektøren har besluttet å gjøre følgende justeringer i maksimalkvoten for fartøy som fisker med not i etter makrellstørje:
Fiskeridirektøren har besluttet å gjøre følgende justeringer for beregning av norske fartøys
maksimalkvote i britisk sone:
Garna tilsvarer 37 000 meter som nå er tatt opp og fjernet fra havbunnen i løpet Fiskeridirektoratets opprenskingstokt som nylig er gjennomført
Makrellen står fortsatt spredt både i havet og på kysten.
Følgende minstepriser gjelder med virkning fra mandag 25.09.23: