Ønsker å kartlegge nye fiskeområder

Publisert: av Roar Bjånesøy

Fiskeridirektoratet ønsker å finne kriterier som skal gjelde for fiskerier i nye områder i Barentshavet.

I dag er det havdjupna som avgjer kor vidt eit område er definert som eit nytt fiskeområde eller ikkje. Område som er djupare enn 1000 meter blir rekna som nye fiskeområde og det må søkast om løyve for evt. å starte fiske her, skriver Fiskebåt på sine nettsider.

Det pågår no ei omfattande kartlegging av havbotnen i området rundt Svalbard gjennom Mareano-prosjektet. Samtidig som det arbeidet pågår, prøver Fiskeridirektoratet å få oversikt over kva for område det tradisjonelt har vore fiska i. På den måten kan ein få ei klarare avgrensing av kva som er ”nye” fiskeområde, skriver Fiskebåt

- Vi har data tilbake til 2001 som viser kvar det har vore aktivitet i den perioden, men viss det er fiskarar som veit at det har vore fiska også i andre område, vil vi gjerne få også det inn i karta, seier Gunnstein Bakke, seniorrådgivar i Fiskeridirektoratet.

I sin presentasjon for Fiskebåt sine medlemmer understreker Bakke at det ikkje er snakk om å stenge område, men at ein får på plass vilkår som skal gjelde før ein kan starte fiske i område der det tidlegare ikkje har vore fiska.

Les hele saken og se presentasjonen fra Fiskeridirektoratet på Fiskebåt sine nettsider her




Siste nytt